Dato: 11.11.2024 Svartype: Med merknad Ørsta kommune (Oppvekst, kultur og inkludering) ser ikkje at dette registeretet vil kunne skape ein betre barnehage eller skule. Det er generelle opplysningar utan samanheng til årsak, noko som gjer at ein ikkje kan vurderere spesifikke tiltak iverksett på nasjonalt nivå ut i frå eit slikt register. Barn har eit særskilt vern med tanke på personvern. Dette vernet er ikkje ivaretatt i dette forslaget. Viser også til Grunnlova § 104, Personvernlova og barns rett til medverknad i barnehagelova og opplæringslova. Vidare vil dette registeret per dags dato medføre ei stor ekstra belastning på kommunene, sidan mange oppvekstadministrative system ikkje har eigne felt for mange av desse opplysningane. Mange av opplysningane ligg i skriftlege vedtak, ikkje i datafelt. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"