Dato: 17.12.2024 Svartype: Med merknad Høyringsuttale – Besøksbidrag og finansiering av fellesgode I samband med høyringsutkastet om besøksbidrag ønsker vi å framheve punkt som etter vår vurdering ikkje er tilstrekkeleg opplyst. 1. Utfordringar og finansiering av fellesgode Høyringsutkastet gjev ikkje ei tilstrekkeleg vurdering av korleis besøksbidrag kan løyse fellesgodeutfordringar i reisemål med høgt besøk. Utfordringane inkluderer: Manglande kapasitet på offentlege toalett og søppelhandtering, som er hyppig omtala i media. Behov for finansiering av sikkerheitsfremmande infrastruktur i fjellområde for å redusere behovet for redningsaksjonar. Ivaretaking av natur- og kulturverdiar som er avgjerande for reisemålet sin kvalitet og berekraft. Sjølv om mange reisemål ikkje oppleve overturisme, er det behov for å sikre midlar som både styrkar lønsemd i næringa og kvaliteten på opplevingane for besøkande og fastbuande. 2. Inkludering av alle besøkstypar Det er viktig at både cruisegjestar og dagsbesøkande vert inkludert i besøksbidragsordninga, særleg i kommunar med stort dagsbesøk og lav overnattingskapasitet. Eksempel som Geirangerfjorden, Trollstigen og Atlanterhavsvegen viser korleis store besøkstal utfordrar lokal infrastruktur utan at tilsvarande midlar kjem kommunen til gode. Vi stiller spørsmål ved kvifor dette ikkje er inkludert i høyringsutkastet. Modellen for avgifta si utforming Flat rate vs. Prosent: Ei fast avgift per gjest eller opphald er enklare å administrere og gjev ei meir rettvis byrdefordeling enn ein prosentvis modell. Det bør heller ikkje vere ei avgift som straffar dei som bur lenge på same stad, eks. fisketuristar på campingplassar og hytter som bor i 2-3 veker samanhengande på same stad. Separat avgift: Det er avgjerande at avgifta vert lagt til som eit påslag utan å bli ein del av overnattingsprisen. Dette sikrar at gjesten, og ikkje overnattingsbedrifta, ber kostnaden. Differensiering på by og distrikt: Mange av reiselivsbedriftene som ligg i distrikta har ein utfordrande sesongprofil, der det eigentleg vil vere mest lønsamt å halde stengt i lågsesong. Men det er mange som likevel held ope for at det skal vere eit tilbod for lokalbefolkninga og lokalt næringsliv. Dersom ei avgift blir likt belasta i by og distrikt, så vil dette ha ein stor konkurransevridande effekt. Utkastet gjev ikkje nok klarheit rundt korleis avgifta skal krevjast inn, kva aktørar som har ansvar, og korleis midlane skal fordelast. 3. Lokal og regional fordeling av midlar Høyringsutkastet tek ikkje nok høgde for at opplevingane dei besøkande søker, ofte ligg utanfor kommunen der dei overnattar. Inntektene frå avgifta bør derfor vurderast fordelt regionalt eller gjennom ein modell som reflekterer bruken av fellesgode på tvers av kommunegrenser. 4. Krav til kommunar som innfører avgifta For å sikre effektiv bruk av midlane bør kommunane som innfører avgifta: Utarbeide ein besøksstrategi som sikrar ei heilskapleg tilnærming til bruk og forvaltning av midlane. Sikre at midlane vert brukt til berekraftige tiltak som utvikling og vedlikehald av fellesgode og infrastruktur. Det må gjerast tydeleg kva midlane kan brukast til og ikkje. Dagens definisjon er for svak. Det må settast inn reglar med tanke på bruk av midlane som også skal gagne nabokommunar med stort trykk. Eksempelvis Geiranger, der mange av overnattingsdøgna vert lagt til Ålesund, altså i ei anna kommune. At dette no er opp til den enkelte kommune, utan krav om ein strategi, skaper risiko for ineffektiv bruk av midlane. 5. Pilotprosjekt og erfaringar frå Verdsarvfjordane Det er skuffande at høyringsutkastet ikkje adresserer tidlegare arbeid og forslag om pilotordningar i UNESCO-områder som Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Sidan 2018 har det vore arbeidd med konkrete løysingar for brukarfinansiering i desse områda, med mål om å sikre ressursar til drift, utvikling og besøksstyring. Vi meiner det er avgjerande å vidareføre dette arbeidet og teste ulike modellar for besøksbidrag som også inkluderer dagsbesøkande og cruise. Små kommunar og lokalsamfunn med stor grad av dagsbesøkande og vesentlege utfordringar knytt til talet på besøkande per dag, krev ei ordning som bidreg til både besøksstyring og finansiering. Dette meiner vi kan løysast ved pilottesting og utprøving av modellar for dynamisk betaling frå dagsbesøkande med ein norsk tilpassing av «Venezia-modellen» som del av løysinga. 6. Valfridom og konsekvensar Valfridomen for kommunane når det gjeld innføring og nivå på avgifta skapar risiko for konkurransevriding, spesielt mellom kommunar med ulik kapasitet og behov. Dette kan føre til at kommunar med stort press og mange dagsbesøkande, men få overnattingar, ikkje får dei midlane dei treng for å handtere utfordringane. 7. Internasjonale erfaringar Høyringsutkastet bør i større grad drøfte erfaringane frå andre land. 21 europeiske land har allereie innført besøksavgift, som regel som eit fast beløp per overnatting. Modellen som blir foreslått her, med prosentvis påslag, er mindre utprøvd og kan skape uføreseielege forhold for både bedrifter og gjestar. Oppsummering Høyringsutkastet gjev ein god start med forslaget om ei overnattingsavgift, men det manglar ei heilskapleg tilnærming som sikrar inkludering av cruise og dagsbesøkande, rettvis fordeling av midlar, og ein klar strategi for innkrevjing og bruk. Vi tilrår å bygge vidare på erfaringane frå verdsarvfjordane og å vurdere ei pilotordning i Geirangerfjorden og Trollstigen for å teste ut ein breiare modell. Innsendt av: Fjord Næringsforum - ein interesseorganisasjon for lokalt næringsliv i Fjord kommune Nærings- og fiskeridepartementet Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"