🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Forslag til klimalov - høring

Jon Flydal Blichfeldt, heradstyremedlem og formannskapsmedlem i Osterøy kommune for Miljøpartiet Dei Grøne

Departement: Familiedepartementet
Ein klimalov med handlingskraft Dato: 09.12.2016 Svartype: Med merknad Eg sit som heradstyremedlem og medlem i formannskapet i Osterøy kommune for Miljøpartiet dei grøne.  Eg er bekymra for at klimalova skal verte ein skrivebordslov utan reell verknad. Landet er delt inn i kommunar og sidan dette er styringsforma me har, er det med stor undring eg ser at departementet ikkje har sendt klimalova ut til kommunene som eigen høyringsinnstans. Om ein reelt sett skal lukkast, må alle deler av samfunnet involverast. Eg ser, på kommunalt nivå i ein kommune som ikkje har noko overskot, at klima- og miljøkonsekvensar av våre kommunale vedtak, vert nedprioritert. Difor meiner eg at det er naudsynt både at kommunene vert direkte implementert i klimalova og at det vert øyremerka midler til dette. Osterøy kommune er ein særstilling når det gjeld oppdrettsnæringa. Fjordane våre vert no utarma og øydelagd, kanskje for all framtid, av ei næring med ikkje sjølv som kommune har kontroll på. (- og ikkje staten heller...) Når det gjeld til dømes CO2-avtrykket til oppdrett, er dette særs lågt. Difor burde det har vore i alle sin interesse å få ei oppdrettsnæring som er levedyktig og berekraftig. Dette kan gjerast ved at ein utviklar anlegg som ikkje har utslepp, lukka anlegg. Dette er eit døme på korleis ein kan tenkje aktivt søkjande mot eit lågare CO2-avtrykk ved at større del av matproduksjonen vert til dømes basert på havbruk i staden for kjøtindustri på land. Slik det er no går ikkje dette låge CO2-avtrykket i hop med øvrig miljøtankegang fordi regelverket for areal i sjø ikkje er like sterkt som regelverket for areal på land. Sjå punkt 5. Eg fremjar følgande punkt som eg vonar de vil ta inn i klimalova slik at kommunene får hjelp til å løfte klima opp på dagsorden: 1) Klimalova bør lovfeste at kommunar skal vise klimakonsekvensar av sin kommuneplan ved å styrke Plan- og bygningslova til å verte eit klimaverktøy .  2) Klimalova bør lovfeste at kvar kommune bør innføre eit klimabudsjett for å tallfeste korleis kommunebudsjettet bidreg til å nå dei fastsette klimamål ein finn i lokale og nasjonale planar.  3) Klimalova bør stadfeste at offentlege innkjøp skal fremje klima- og miljøvennlege løysningar. 4) For at kommunane skal klara å setja klimaplanlegging på dagsorden, må staten øyremerka pengar til gjennomføring av klimaplanlegging på kommunalt nivå. 5) Klimalova bør fremje bidra til å fremje interesser som kombinerar ei berekraftig utvikling på kommunalt nivå gjennom lovverk, herunder kommunal kontroll på eige areal i sjø, mellom anna gjennom det kommunale planverket. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"