🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Endringer i opplysningsplikten til barnevernet og ny opplysningsplikt ...

Rustenesta i Ørsta kommune

Departement: Familiedepartementet
Kommentar til høring - Endringer i opplysningplikten til barnevernet og ny opplysningsplikt til barnevernet ved tilbakeholdelse av gravide rusmiddelavhengige Dato: 01.12.2016 Svartype: Med merknad Rustenesta i Ørsta kommune støttar forslaget om å forenkle bestemmelsane om opplysningplikt for at dei som er omfatta av plikta lettare skal kunne anvende denne. Ein ser at ved å presisere at meldeplikta er eit ansvar som ligg til den enkelte, og utforme bestemmelsane slik at den enkelte får meir informasjon om kva situasjonar som utløyser meldeplikta, vil kunne føre til at den enkelte blir meir bevisst det ansvaret ein faktisk har. På den andre sida kan dette føre til at det kan vere situasjonar ein vel å ikkje melde i frå om, då det ikkje står konkret i bestemmelsane. Etter det vart lovpålagt med barneansvarleg på avdelingane innan rus og psykisk helsevern ser ein at andrelinjetenesta har fått større fokus på borna når dei pårørande er innlagt i institusjon. Ein ser spesielt at rusinstitusjonane er veldig flinke på dette området, og jobbar godt med borna når foreldra er innlagt. Ein har ei oppleving av at psykisk helsevern har litt å lære av rusinstitusjonane. Etter at dei nye ROP retningslinjene kom, har ein ei oppleving av at dei barneansvarlege på avdelingane i psykisk helsevern, tek på seg det ansvaret barneverntenesta i utgangspunktet har, og kanskje ikkje er så flinke å melde si bekymring til barneverntenesta. I andre tilfeller opplever ein av det å ha barneansvarelege i avdelinga er "fint å ha på papiret", medan det i realiteten ikkje vert sett av tid til å jobbe med borna på ein god måte. Rustenesta i Ørsta kommune støttar forslaget om ny plikt i Helse- og omsorgstenestelova § 10-3, til å gi melding til barneverntenesta når det er fatta og iverksett vedtak om tilbakehald av gravid rusmiddelavhengig i institusjon. Rustenesta i Ørsta kommune tenker at ein og burde opne opp for at ein kan gi melding til barneverntenesta når ein vel å iverksetje tiltak (feks rustesting), etter Helse- og omsorgstenesta § 10-3. Det er viktig med god oppfølging under graviditeten og at dei aktuelle samarbeidspartnarane kjem inn tidleg.  Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"