Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad Det er vintermånadene som er dei aller viktigaste for reinsdyra, då tilgangen på mat er mykje mindre. Med dei klimaendringane ein bli forespeila vil det bli meir ising på toppane, der dyra finn mat og dei vil trekkje meir ned i skogane. Men ein òg få oppleve at tidligare vårar kan føre til meir mat. Randsonane til vidda er difor viktige, og nye hyttefelt, der folk nyttar hyttene sine heile året, burde forbys. Stikking og oppkøyring av løyper vinterstid bør òg vurderast om ein skal halde fram med. Sumarsrutene bør vera der dei er og ikkje spreie folk utover større område i dei 2 mnd dei er i bruk. Det som er viktig er at etter at dei fleste hyttene stenger i løpet av september, så bør det ikkje vera mogleg å ha nyklar til sjølbeteningshyttene. Skutertrafikken er viktig at er godt regulert, men er et viktig verktøy til å frakte material, ved og liknande inn til hytter. Før skuteren kom i bruka var det enormt med søppel rundt hytter på vidda, som ofte blei drege ut av rev og spreidd utover. Nå køyrer ein alt ut med skuter. Å nytte helikopter i jakta burde ein og halde fram med. Ein får med fleire jegerar og dyr i kvar tur, i staden for at folk må gå mange turar i timevis inn og ut i same område, som uroar mykje meir. Med helsing Helge Bitustøyl, Rauland tidlegare fjelloppsyn i 30 år på vidda. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"