🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Organisering av eiendomsoppmålingen. Forslag til endringer i matrikkell...

Hornindal kommune

Departement: Moderniseringsdepartementet
Fordelar og ulemper ved endring av Matrikkellova Dato: 19.08.2016 Svartype: Med merknad Vi ser fleire fordelar ved forslaget til endring av Matrikkellova: - Det vil verte eit proffesjonelt marked med flinke landmålarar, slik at ein unngår ukompetente kommunale landmålarar. - Ved sentral matrikkelføring vil det byggast opp ei ekspertise av matrikkelførarar, som vil bruke mindre tid pr. oppmålings-forretning, slik at det heile vert meir effektivt. - Kommunane får frigjort ressursar som kan nyttast til andre formål, MEN kommunereforma skal jo munne ut i større einingar som skal kunne ta større ansvar. Er det då rett å sentralisere/privatisere? Men, vi ser og nokon ganske store ulemper ved forslaget til endring av Matrikkellova: - Private og sentrale aktørar har ikkje lokalkunnskap, og kan kome opp i situasjonar der dei ikkje kan ta avgjerd i ulike saker. - Private og sentrale aktørar har ikkje tilgong til kommunale arkiv med oppmålingsprotokollar mv. frå tidlegare arbeid. - Private og sentrale aktørar er ikkje nær innbyggarane som ofte treng rettleiing. Dei  færraste søkjarane er profesjonelle, dei fleste er amatørar. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen