Høyringssvar - framlegg til ny lov om omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Dato: 19.10.2016 Svartype: Med merknad Til Barne- og likestillingsdepartementet 18. oktober 2016 Eg støttar ikkje regjeringa sitt framlegg om at born som har flykta åleine til Norge skal få dårlegare omsorg enn dei har i dag. Eg er uroleg over at regjeringa vil ta omsorgstilbodet for einslege mindreårige asylsøkjarar som er under 15 år, ut av barnevernloven, og inn i ei eiga lov. Det betyr i praksis at ein vil stille lågare krav til bemanning og kompetanse for dei tilsette på omsorgssentra, samt til standarden på lokala. Born som har flyktet åleine er først og fremst born. Gjennom FN sin barnekonvensjon har dei klart definerte rettar til omsorg og ivaretaking på lik linje med alle andre born i Norge. Regjeringa sitt framlegg vil føre til at einslege mindreårige asylsøkjarar får eit dårlegare omsorgstilbod enn andre born som ivaretakast av barnevernet. Dette kan føre til at desse barna, som ofte har hatt svært traumatiserande opplevingar, ikkje får den omsorga dei har trong for og krav på. God omsorg dei første åra i Norge er avgjerende både for barnet si vidare utvikling, den psykiske helsa og for at barnet skal finne seg til rette i det norske samfunnet. Regjeringa grunngjev lovframlegget med behov for fleksibilitet. Dagens barnevernlov gir allereie rom for å tilpasse omsorgstilbodet etter målgruppa, difor er det ikkje behov for ei ny lov. Det er uforståeleg at regjeringa no vil gå tilbake på ei ordning som har vist seg å fungere godt for borna. I 2008 bestemte Stortinget at omsorgstilbodet til einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år skulle regulerast i barnevernlova for å sikre borna likeverdig omsorg med andre born i Norge. Den gong mente departementet at omsorgstilbodet naturleg haurde heime i barnevernlov: «Det er etter departementets syn viktig å sikre at enslige mindreårige asylsøkere får et likeverdig omsorgstilbud ved omsorgssenteret som det andre barn som ivaretas av barnevernet får etter dagens bestemmelser i barnevernloven. Departementet foreslår derfor at de rettslige rammene for senteret skal være de samme som for de ordinære barneverninstitusjonene.» Erfaringar og fleire rapportar har vist at denne endringa har vore positiv for borna . Ved å innføre regjeringa sitt lovframlegg sviktar regjeringa barn som har flykta åleine til Norge. Eg ber difor regjeringa forkaste framlegget til ny lov om omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. I staden må regjeringa sikre at alle barn i Norge får likeverdig omsorg. Beste helsing Bente Førde Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"