🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i forskrift om midler til investering og bedrift...

Statsforvaltaren i Innlandet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 20.12.2024 Svartype: Med merknad Statsforvaltaren i Innlandet har kommentarar til hovudpunkt 2, avvikling av kommunen si rolle i forvaltninga av IBU-midlane. Vi vil peike spesielt på dette: Ansvar for informasjon og mobilisering i forkant av søknadsprosessar : Mange kommunar gjer ein viktig innsats med å mobilisere og gjere bøndene kjende med moglegheitene for å søke IBU-midlar, slik at det kjem søknader. Dersom kommunane ikkje skal gjere denne jobben, er det viktig at nokon andre, t.d. Innovasjon Norge, har ansvar for dette for å halde oppe interessa for å søke IBU-midlar og for å bidra til utvikling i landbruket. Kommunen kan få svekka sin lokalkunnskap : Ein konsekvens av at kommunen ikkje er involvert, kan vere at han i mindre grad kjenner til kva som skjer. Dermed aukar sjansen for dårlegare lokalkunnskap om utviklinga i kommunen. Det er viktig å finne gode løysingar som gjer at kommunen har kjennskap til det som skjer i sin kommune. Vi foreslår at IN får ansvar for å informere kommunane om regelverk for forvaltning av IBU-midlane og handsaming av søknadar frå den aktuelle kommune. Meir ansvar til bonden : Når kommunen ikkje lenger skal ha ei rolle, vil bonden få større ansvar for at alle opplysningar er med og er riktige i søknaden. Dette betyr meir arbeid for og større krav til bonden for å få søkt IBU-midlar. Konsekvensen kan vere at færre bønder søker om tilskot, noko som bl.a. kan bety at færre bygger om frå båsfjøs til lausdrift. Vi foreslår at Innovasjon Norge da må ha eit større ansvar for å hjelpe bonden i søknadsprosessen. Vedlegg Svar på høyring - endringar i forskrift om IBU-midlar 20.12.2024.pdf Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen