F- 115/16 Vedtak:
Giske formannskap sluttar seg til framlegget til ny kommunelov i NOU 2016:4 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet med dei merknadene / forslag til endringar som går fram av saksutgreiinga, og at pkt. 5 - Innbyggjardeltaking - der nedre grense skal vere som i dag, 2 %.
Vedk. pkt. 9) Kommunale føretak
Styret i eit føretak er etter gjeldande rett ikkje eit folkevalt organ. Dette gjeld uavhengig av samansetjinga av styret. Rådmannen er samd med administrasjonen i KS i at dette bør presiserast i forslaget. Tilsvarande gjeld forslaget om å lovfeste at kommunestyret sine medlemmer/varamedlemmer ikkje kan veljast til styret. Dette forslaget inneber ei innskrenking av det kommunale sjølvstyret og gir kommunestyret mindre handlefridom. Det bør difor takast ut av forslaget.
Vedk. pkt. 10) Kven kan veljast, ombodsplikt og suspensasjon mv.
Forslaget om at kravet til kjønnsbalanse også skal knytast til heile samansetninga av organet, og ikkje berre til det enkelte listeforslag, inneber eit inngrep i partia sin rett til sjølve å bestemme kva personar dei ønskjer å la seg representere med. Dette vil også kunne medføre at enkelte parti i praksis kan tvinge andre parti til å velje inn ein folkevald av eit bestemt kjønn, noko som kan vere eit demokratisk problem. Rådmannen meiner difor at dagens reglar bør vidareførast. Elles har ikkje rådmannen merknader til dei andre endringsforslaga når det gjeld val.
Rådmannen er samd med administrasjonen i KS i at forslaget om at ein folkevald kan tape vervet som ordførar, bør presiserast med omsyn til kva som skal vektleggjast ved vurderinga.
Reglane for suspensjon og tap av verv bør vere dei same for ordførar og varaordførar.
Vedk. pkt. 11) Godtgjersle og velferdsgoder
Rådmannen har ingen merknader.
Vedk. pkt. 12) Utvida rett til innsyn og teieplikt for folkevalde
Rådmannen har ingen merknader.
Vedk. pkt. 13) Saksbehandlingsreglar for folkevalde organ
Rådmannen har ingen merknader.
Vedk. pkt. 14) Interkommunalt samarbeid
Forslaget om at alle deltakande kommunar i eit oppgåvefellesskap skal vere representerte i representantskapet inneber ei innskrenking i høve til dagens reglar i § 27- samarbeid med omsyn til organisering. I eit slikt samarbeid er det opp til dei deltakande kommunane å bestemme styrets samansetning og storleik. Rådmannen meiner at det bør vere opp til kommunane sjølve å bestemme kven som skal sitje i representantskapet. Lovforslaget bør difor endrast i samsvar med dette.
Vedk. pkt. 15) Økonomiforvaltning
Rådmannen støttar forslaga til overordna reglar om økonomiforvaltninga – sjå § 14-1 mv. Lokal økonomisk handlefridom bidrar til å skape tillit til det lokale sjølvstyret slik at ressursane vert forvalta på beste måte også for komande generasjonar.
Rådmannen støttar også forslaget om plikt for kommunane til å utarbeide ein samla rekneskap for kommunen som juridisk eining – sjå § 14-6. Dette inneber ein samla rekneskap for kommunekassa, kommunale føretak og ev. andre verksemder som er ein del av kommunen. Spørsmålet er om kommunen også bør ha ei plikt til å utarbeide ein konsernrekneskap som omfattar både kommunen som rettssubjekt og andre retts- subjekt (selskap) som kommunen er heil- eller deleigar av (interkommunale selskap og aksjeselskap)? Rådmannen meiner at nytteverdien av slik rekneskapsinformasjon er liten i høve til kostnadane. Kommunane bør difor ikkje ha plikt til å utarbeide ein slikt konsernrekneskap.
Rådmannen støttar forslaga om nye reglar for inndekning av meirforbruk i rekneskapen – sjå m.a. §§ 14-6 og 14-5. Dei vil m.a. hindre at ein kommune skyv inndekning av slikt meirforbruk til komande års budsjett, sjølv om kommunen har tilgjengelege midlar på disposisjonsfond. Det vil også gjere det enklare for folkevalde o.a. å sjå kva handlingsrom som ligg i kommunen sin rekneskap.
Rådmannen støttar utvalet sitt forslag til nye reglar for utrekning av minimumsavdrag på lån – sjå § 14-10, jf. § 14-15. Etter dagens reglar/modell kan minimumsavdraga vere så låge at restgjelda for ei investering over tid er høgare enn den bokførte verdien av investeringa. Kommunen vil også kunne sitje igjen med restgjeld knytt til ei investering når investeringa si økonomiske levetid er over.
Rådmannen har elles ikkje merknader.
Vedk. pkt. 16) Internkontroll
Administrasjonen i KS stiller spørsmål ved om det bør stillast krav om at rapporteringa til kommunestyret om internkontroll og tilsyn skal gjerast i årsmeldinga. Rådmannen meiner at dette ikkje bør lovfestast. Det bør vere opp til den enkelte kommune å sjølv avgjere korleis rapporteringa skal skje. Det viktigaste er at det blir lovfesta at det minst skal rapporterast ein gong pr. år, ikkje korleis dette skal skje – sjå § 25-2 i forslaget. Kontrollen skal vere systematisk, og det kan vere behov for å rapportere oftare enn ein gong, t.d. i samband med tertialrapporteringa eller liknande. Administrasjonen i KS reiser også spørsmål om reglane om internkontroll i forslaget er godt nok utforma i høve til dagens reglar i særlovgivinga – sjå § 25-1 i forslaget. Rådmannen meiner at reglane er godt nok utforma. Dei set minimumskrav til kva som skal gjerast av internkontroll og gir ei god føring for kommunedirektøren sitt arbeid med kontrollen.
Rådmannen har elles ingen merknader.
Vedk. pkt. 17) Kontrollutvalet og sekretariatet
Rådmannen støttar utvalet sitt forslag om å auke talet på medlemmer frå minimum tre til fem – sjå § 23-1, 2. ledd. Dette vil kunne gjere utvalet mindre sårbart ved at det kan bli tilført ein breiare kompetanse mv.
Administrasjonen i KS reiser spørsmål om det bør lovfestast at meir enn ein medlem av kommunestyret bør sitje i kontrollutvalet. Der er argument som talar både for og imot ei slik lovfesting. Rådmannen meiner likevel at omsynet til kontrollutvalet sin uavhengige rolle, tilseier at ei slik lovfesting ikkje bør vedtakast. Kommunestyret er det øvste vedtaksorganet i kommunen og kontrollutvalet bør vere mest mogleg uavhengig av vedtaksprosessen.
Rådmannen har elles ingen merknader.
Vedk. pkt.18) Revisjon
Administrasjonen i KS reiser spørsmål om det høvet som kommunane i dag har til å inngå avtale med annan revisor bør opphevast. Dette vil vere ei innskrenking av det kommunale sjølvstyret, og bør difor ikkje vedtakast.
Rådmannen har elles ingen merknader.
Vedk.19) Kommunane si styring og kontroll med ekstern verksemd
Rådmannen har ingen merknader.
Vedk. 20) Kommunen som tilsynsinstans
Administrasjonen i KS reiser spørsmål om kommunelova bør innehalde ein slik regel om gjennomføring av kommunalt tilsyn, og i tilfelle om prinsippa om likebehandling, objektivitet og dokumentasjon er gode. Rådmannen støttar mindretalet i utvalet om at desse prinsippa ikkje bør lovfestast i kommunelova. Det alminnelege ikkje lovfesta prinsippet i forvaltningsretten om forbod mot usakleg forskjellsbehandling, vil også gjelde her. Ei lovfesting vil difor lett kunne skape uklarleik mv. med omsyn til rekkevidda av / innhaldet i kravet. Forslaget bør difor endrast på dette punktet.
Vedk. 21) Statleg kontroll og tilsyn mv.
Administrasjonen i KS stiller spørsmål om det bør innførast ein terskel for kva fylkesmannen kan krevje av opplysningar/dokumentasjon i samband med eit tilsyn. Kravet til slik dokumentasjon må haldast på eit absolutt minimum i høve til det som er nødvendig for at tilsynet kan bli gjennomført på ein forsvarleg måte. Å innføre ein terskel for kva som kan krevjast av slik dokumentasjon, meiner rådmannen vil bli vanskeleg i praksis. Kravet vil måtte variere frå tilsyn til tilsyn avhengig av saka / tilsynet sitt innhald og kompleksitet. Eit slikt krav ville difor lett kunne bli for generelt og vanskeleg å følgje opp i praksis.