Kontrollutvalet i Hareid kommune meiner at forslaget i kap. 25.3.4.2 der det heiter:
"Etter utvalgets mening har sekretariatet ikke anledning til å innhente informasjon og vurdere denne opp mot et regelverk, vedtak e.l. Dette vil etter utvalgets forslag være å utføre revisjon, og dermed en oppgave for revisor.", er svært uheldig.
Sekretariatet for kontrollutvalet har tre hovudoppgåver. Dei tre oppgåvene er utgreiar, sakshandsamar og administrator.
Kommunelovutvalet sitt forslag avgrensar sekretariatet si rolle til berre å vere administrator ved å redusere nokre av dei viktigaste oppgåvene til sekretariatet som er ansvar for å påsjå at sakene i utvalet er forsvarleg utgreidd og at kommunen har ein forsvarleg revisjon.
Dette er alvorleg då det vil svekke kontrollutvala sin funksjon, og dermed det kommunale sjølvstyret innanfor kontroll og tilsyn. At slike oppgåver ligg til sekretariatet er heilt avgjerande for bestiller-utfører modellen i kontroll- og tilsynsordninga vi har i dag.
Ein slik bruk av omgrepet revisjon gir ikkje meining i høve revisjon slik den er definert gjennom nasjonale og internasjonale standardar, og ein bør ikkje utvide revisjonsomgrepet i kommunelova.