Nye oppgåver til større kommunar Dato: 07.09.2016 Svartype: Med merknad Hjartdal formannskap har vurdert høyringsnotatet om nye oppgåver til større kommunar og kjem med følgjande uttale: Det er uheldig at oppgåveendringa ikkje var endeleg kjent før kommunane måtte fatte vedtak om framtidig kommunestruktur. Dersom oppgåvene var kjent kunne det ha gitt fleire frivillige kommunesamanslutningar. Omfanget av frivillige kommunesamanslutningar er så lite at det ikkje er grunnlag for å overføre nye oppgåver til kommunane. Ei slik overføring av oppgåver vil gi svekka rettstryggleik og tenestetilbod i små kommunar. Det er svært positivt med redusert statleg detaljstyring og redusert omfang av statleg tilsyn. Det er ikkje nødvendig å overføre nye oppgåver til kommunane for å redusere den statlege detaljstyringa og det statlege tilsynet knytt til dei oppgåvene som kommunane har per i dag. Norske kommunar har god erfaring med sjølv å etablere interkommunalt samarbeid. Det vil såleis ikkje vere nødvendig å påleggje kommunane dette. Eit pålegg vil dessutan vere i direkte strid med intensjonen om meir makt og mynde til kommunane. Små kommunar vil ikkje ha kompetanse og kapasitet til å utføre summen av alle dei nye oppgåvene. Dersom oppgåveendringa blir gjennomført med den kommunestruktur det nå ligg an til, vil resultatet vere motsett av målet om betre tenester til innbyggjarane. Ei overføring av ansvaret for kollektivtransporten frå fylkeskommunane til store kommunar kan føre til at kollektivtilboda i distrikta blir ytterlegare svekka. Dei nye folkevalde regionane bør derfor ha ansvar for kollektivtransporten uansett utfall av kommunestrukturen. Dersom oppgåveoverføringa blir gjennomført er forslaga til lov- og forskriftstekst tilfredsstillande. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"