🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - tiltak mot negative miljøeffekter av medikamentell behandling mot lakse...

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet
Høyring - tiltak mot negative miljøeffektar av medikamentell behandling mot lakselus Dato: 28.09.2016 Svartype: Med merknad   Sogn og Fjordane fylkeskommune rår departementet til å opprette soner der badebehandlingsvatn ikkje kan tømast. Sogn og Fjordane fylkeskommune er samd med departementet i at tidsintervallet mellom kvar behandling med kitinsyntesehemmarar vert auka frå 3 til 6 månader, og at desse medikamenta ikkje skal brukast på lokaliteter som ligg nærare enn 1 000 meter frå rekefelt. Når det gjeld krav om avstand frå gytefelt må det presiserast kva for gyteområde det er snakk om, så langt er det berre dei kartlagde gyteområda for torsk som er verifisert av Havforskingsinstituttet. Sogn og Fjordane fylkeskommune finn det rimeleg å pålegge oppdrettsverksemdene å gjennomføre risikovurdering av miljøkonsekvensane av ei lusebehandling. For å unngå misforståingar om kva kunnskap som skal leggast til grunn for vurderingane må det avklarast kva for allment kjent kunnskap som minimum skal nyttast. Døme på offentleg tilgjengeleg informasjon som kan vere aktuell: naturbase, artsdatabank, naturtypekartlegging.     Vedlegg miljøeffketer av lusebehandling.pdf Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen