Høyringssvar Dato: 28.09.2016 Svartype: Med merknad Er heilt på linje med forslaget om å hindre tilgangen på tobakksprodukt for ungdom. Problemet med e-sigarettar er at dette absolutt ikkje er eit tobakksprodukt. Den einaste fellesnemnaren desse to produkta har er ev. nikotin. E-sigarettar er brukt av mange millionar rundt om i verda for å slutte å røyke. Denne opsjonen har vist seg uhyre effektiv i forhold til personar som ikkje har klart å slutte å røyke ved hjelp av andre røykeavvenningsmiddel som plaster, tyggis og spray, eller medikament som Champix. Eg er ein av desse som har prøvd det meste utan resultat, inklusive medikament. Avansert damputstyr (e-sigarettar) klarte dette. No er det slik at denne marknaden er forbrukarstyrt, dvs. at det ikkje er involverte større internasjonale selskap med sterk økonomi. Spesielt i salsleddet. Dei norske butikkane som sel damputstyr er små firma, med få tilsette. Ei regulering som tilseier at dei får ei meirutgift på mange hundre tusen kroner tilseier at dei ikkje eksisterer 6 månader etter at dette lovforslaget trer i kraft. Med registreringsavgifter som drep dei eksisterande butikkar som sel dampeutstyr av typen 3. og 4. generasjons utstyr, set ein attende dampeopplevinga (og regulerer vekk mange som kunne tenke seg å prøve anna utstyr enn 1. og 2 generasjons utstyr). Om ein gjer damping dyrare enn alternativet vil dette medføre at færre røykjarar vil prøve damp som metode for å slutte å røykje. Vil vi eigentleg dette? Dei set på fagkunnskap, og driv i dag utstrakt opplæring av ferske damparar. Om e-sigarettar kun vert tilgjenge i daglegvare, bensin og kiosksal veit vi alle at desse som oftast har liten kunnskap om slike varer. Dette vil medføre ei utflating i dei gode resultata som avanserte e-sigarettar kan vise til. Desse er det ofte ikkje berre å fylle med dampe-væske og puffe avgarde. Det er meir avanserte produkt som absolutt trengs opplæring i å bruke. Ei øvre grense på 10 ml. flaskevolum på dampevæske ser eg ingen fornuftig grunn til å innføre. Spesielt sidan 3. og 4. generasjons utstyr forbrukar vesentleg meir dampevæske enn tidlegare produkt. Eit dokumentasjonskrav i høve innhald i dampevæske og anna utstyr bør heilt belastast produsent og ikkje salsleddet. Dette vil og medføre mindre belastning på bestemmande myndigheiter, samt ev. internasjonale produktdatabasar. Personleg er eg sterkt føre å kvalitetssikre dampe-væska (e-juice). At produsentane dokumenterer at det dei puttar i dampe-væska ikkje er helseskadeleg er sjølvsagt ei stor føremon. Desse produsentane produserer allereie etter dei aller sterkaste hygieniske krav. Eit slikt krav vil føre til at dei mindre seriøse produsentane forsvinn, noko som eg ser udelt positivt på. Eit anna spørsmål er om damp er eit røykeslutt produkt eller eit nytingsmiddel. Til meir forsking gjer betre svar på dette bør ikkje lovene i høve dampeprodukt regulerast. Eg vil anbefale at e-sigarettar vert teke ut av regelverket, og at det vert lagt ut eit nytt forslag til regulering av e-sigarettar/dampe-væske. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"