Endringar i opplæringslova - oppstart av grunnskuleopplæring og mulighet for dispensasjon - høyring Dato: 05.09.2016 Svartype: Med merknad Svaret frå Giske kommune er eit administrativt svar frå rådmannen. Ein ser positivt på endringane i opplæringslova då det i stor grad er praktisk tilpassingar til kva som til ei kvar tid er mogeleg å gjennomføre. Også etter desse endringa skal opplæringa starte så raskt som mogeleg. Vidare blir det opna for dispensajonar slik at der ein i ekstraordinære situasjonar treng tid til omorganisering, tilsettingar eller andre tiltak for å kome i gang med opplæring unngår fakstiske lovbrot. Ny lovtekst gjeld understreker likevel at opplæring skal startast umiddelbart eller snarast med rimelege fristar til nødvendig praktisk tilrettelegging. Dette er i samsvar med kommunen sin praksis. Med helsing Sindre Røsvik assisterande rådmann tlf.: 70 18 80 10 e-post: sir@giske.kommune.no Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"