Oppseiing
Departementet har bede høyringsinstansane om innspel på forslaget om å harmonisere oppseiingsreglane med arbeidsmiljølova. Dette gjeld i hovudsak forslag om å bruke arbeidsmiljølova si meir rundare formulering av vilkår for oppseiing – nemleg at det må liggje føre sakleg grunn for at oppseiinga skal vere rettmessig.
Vegtilsynet meiner ei harmonisering med arbeidsmiljølova er positivt og vil vere med på å forenkle regelverket. Sjølv om realitetsinnhaldet i dagens formulering og forslaget ikkje nødvendigvis er ulikt, vil ei rundare formulering som samsvarer med arbeidsmiljølova bidra til eit meir pedagogisk regelverk.
Når det gjeld spørsmålet om innhaldet i vurderinga, altså at det skal gjerast ei interesseveging mellom arbeidsgjevar sine behov og arbeidstakar sine ulemper, meiner Vegtilsynet det ikkje nødvendigvis vil skape så store utfordringar som skissert i høyringsnotatet. Sjølv om det er lett å sympatisere med arbeidstakaren og at vanskane denne kan ha med å skaffe seg nytt arbeid skal takast på alvor, vil ikkje dette isolert sett hindre ei oppseiing dersom arbeidsgjevar si vurdering er sakleg begrunna i forholda i verksemda. Ei kvar verksemd kan ha gode grunnar for å gjere omstillingar og såleis kutte i arbeidsstokken, sjølv om ein i offentleg samanheng vanskeleg kan begrunne ei slik nedbemanning i ønske om auka profitt (noko som er vektlagt i privat sektor). Effektivisering, organisatoriske endringar, politiske beslutningar eller bortfall av tenester kan vere årsaker til at verksemda må sei opp tilsette. Til tross for at arbeidstakarvernet, spesielt i staten, står sterkt, har det neppe vore intensjonen at omsynet til den individuelle arbeidstakar skal stå i vegen for større omstillingar.
Det kan tenkast at tilsette i staten opplever statlege arbeidsplassar som tryggare enn andre sektorar. Det er likevel vanskeleg å trekke det så langt å sei at når oppseiinga fyrst er eit faktum vil det vere vanskelegare for statstilsette enn andre å skaffe seg nytt arbeid. Og det er den situasjonen interesseavveginga skal ta i betraktning – altså ulempene for den enkelte arbeidstakar som vert oppsagt og vanskane med å få nytt arbeid.
Under ei kvar omstende vil ikkje oppseiinga vere sakleg dersom arbeidsgjevar har annan passande stilling ledig i verksemda å tilby den tilsette. Dette kan vere ein sikkerheitsventil for den tilsette, i alle fall i større statlege verksemder, då det er moglegheit for å finne andre/nye arbeidsoppgåver til den tilsette.

Åremål
I forslaget vert det foreslått å lovfeste adgangen til at øverste leiar skal kunne tilsetjast på åremål. Dette gjeld likevel ikkje dersom verksemda i hovudsak har kontrollerande funksjonar ovanfor arbeids- eller næringsliv. Det er spesielt framheva at verksemder som i hovudsak har tilsynsfunksjonar som del av si oppgåve, ikkje skal ha leiar på åremål.
Vegtilsynet er samd i at tilsetjing på åremål kan vere problematisk i høve til tilsynsverksemder, kor det er viktig å sikre at leiaren har ei uavhengig stilling for å skape legitimitet kring tilsynsverksemda. Dersom det hadde vore mogleg å tilsetje på åremål, kunne det skapt utfordringar ved at leiar følte seg forplikta til å følgje politiske føringar med betyding for verksemda.
På bakgrunn av dette støttar Vegtilsynet forslaget om å avgrense åremålsstillingar mot verksemder med tilsynsfunksjonar.
Trude Tronerud Andersen Tonje Tvilde
direktør advokat/juridisk rådgjevar