🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - ny forskrift om tilskudd til produksjon og formidling av audiovisuelle ...

Bømlo kino

Departement: Familiedepartementet
Svar til høyring ny føresegn om tilskot til produksjon og formidling av audiovisuelle verk (underføresegn) Dato: 30.05.2016 Svartype: Med merknad Bømlo kino viser til høyringsbrev frå Norsk Filminstitutt, utkast til endringar i film- og videogramlova med føresegner. I tråd med høyringsbreva frå Kulturdepartementet (KUD) og Norsk filminstitutt (NFI), sender Bømlo kino separate høyringssvar. Innleiingsvis ønskjer vi å påpeike at lista over kven som har motteke føresegna ikkje inkluderer kommunane eller enkeltkinoar. Dei fleste kinoar er kommunalt eigd og drive, og difor burde desse væra invitert til å uttale seg om den nye føresegna. Framlegget kan få store følgjer for den desentraliserte kinostrukturen vi har i Noreg, i form av at kinoane betalar inn langt meir i avgift enn det det vert lagt opp til at kinoane kan få tilbakeført i form av kompetanse, støtte og felles marknadstiltak. Bømlo kino set stor pris på at filmforliket i Stortinget la til grunn at plattformnøytraliteten som var lagt fram i Filmmeldinga vart utsett til dei nettbaserte formidlingsplattformane også kan bidra med midlar til bransjen. I forliket vert det lagt til grunn at: «Komiteen støtter i utgangspunktet regjeringens forslag om å gjøre støtteordningene plattformnøytrale, men ber regjeringen utsette gjennomføringen av dette frem til det er avklart hvordan de ulike leddene i verdikjeden som tjener penger på å formidle norsk film og audiovisuelt innhold, vil bidra til å finansiere nytt audiovisuelt innhold» . Dette bør difor være grunnlaget for NFI sine underføresegner. Vi har følgjande merknadar til føresegna: Kapittel 2 Tilskot til filmformidling §3 Tilskot til distribusjon Bømlo kino ønskjer å rette merksemd til siste punkt: «Importerte filmer som har fått tilskudd etter denne bestemmelsen skal gjøres tilgjengelig for alle visningsplattformer som ønsker å vise filmene på ordinære markedsmessige vilkår» . Det er ofte slik at ulike visningsplattformar har ulike rettshavarar. Vi kan difor ikkje sjå at ein kinodistributør utan vidare kan garantere lansering på andre plattformar. §4 Tilskot til arrangement og visningar Bømlo kino er glade for at NFI her har tatt med «…tiltak som bidrar til å opprettholde desentralisert kinostruktur». Det står i høyringsnotatet at tilskot til visning også kan omfatte andre typar visningstiltak enn kinovisning. Det er ein føresetnad at dette berre kan skje etter at desse plattformane også bidrar til «å finansiere nytt audiovisuelt innhold», slik kulturkomiteen skriv i sitt forlik som vart vedteke av Stortinget. Bømlo kino ønskjer òg å kommentere punkt b. Det er fint at festivalar som rettar seg mot barn og unge er unnateke frå kravet om 60% tildeling frå utvalet, men vi vil gjere merksam på at også enkelte mellomstore og små festivalar i distrikta kan ha problem med å finansiere opp festivalane sine. Vi ønskjer i dette punktet også å peike på at det til lokale film- og kinotiltak truleg vil bli færre søknader frå dei mellomstore og små kinoane då det ikkje lengre er opne søknadsfristar. Slike aktivitetar kjem normalt som følgje av at en ser mogelegheiter med enkelttitlar, etter at filmen er vist til kinosjefar og programsjefar.  Med nokon få fastsette fristar vil mogelegheita for å søka støtte difor reduserast. Dette er sjølvsagt uheldig. §5 Tilskot til drift av Cinematek- og filmklubbverksemd Stortingskomiteen gav sin tilslutning til at midlane frå avgifta på sal av kinobillettar og videogram også skulle gå til drift av filmfestivalar, filmklubbar og cinematek utanfor Oslo. At ikkje kinoane sin organisasjon er tatt inn under dette punktet synes vi er urimeleg. Kinoane bidrar med betydelege midlar (ca. 26 millionar) av avgiftsinntektene til staten og driftstøtte til eigen organisasjon ville difor vore naturleg. For den unike norske desentraliserte kinostrukturen, der eit stort fleirtal kinoar (140 av 192 kinoar har under 35.000 besøk årleg) er små kinoar i distrikta, vil det bli en stor økonomisk belastning å i tillegg til å betale 2,5 prosent i avgift også å måtte betale en stor medlemskontingent. Det betyr at på sikt kan rådgjevingstenesta innan kinoteknikk, filmrådgjeving som seminar og filmtreff være i faresona. Fast driftsstøtte til Film & Kino vil kunne avhjelpe dette. §6 Tilskot til kompetansehevande tiltak og profilering Bømlo kino er glad for at NFI har definert inn kursverksemd og kampanjar i denne paragrafen. Vi støttar dette viktige arbeidet for alle i filmmiljøet og ikkje minst for norske kinoar. Vi ser at NFI i nedste ledd peikar på at ein ikkje skal kunne gje tilskot til deltaking på filmfestivalar. Vi håpar at dette ikkje gjeld filmtreff. For kinoane i distrikta er deltaking på filmtreffa svært viktig. Svært få av desse vil ha mogelegheit til å koma til Oslo på filmtreffa utan nokon form for reisestøtte. Det same gjeld deltaking på seminar og konferansar. Også dei norske bransjefestivalane, i særleg grad Den norske filmfestivalen i Haugesund, vil lida under dette. Vi har ingen merknadar til dei andre paragrafane. Bømlo kino ber NFI ta omsyn til den unike kinokulturen vi har i Noreg med ein desentralisert kinostruktur og prøve å finne ei løysning som tek vare på dei små og mellomstore kinoane i distrikta. Bømlo kino vil på lik linje med andre kinoar, og Film & Kino, gjerne være med på eit arbeid for å finne ein slik modell. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"