NY FORSKRIFT OM TILSKUDD TIL PRODUKSJON OG FORMIDLING AV AUDIOVISUELLE VERK Dato: 19.05.2016 Svartype: Med merknad Me viser til høyringsbrev frå Det kongelige kulturdepartement (KUD) datert 01.03.16 vedkomande utkast til endringar i film- og videogramloven med forskrifter. Me har notert at det skal sendast separate brev til KUD og til NFI. Me ser av lista over kven som har fått forskrifta sendt på høyring at kommunane eller kinoane ikkje er inviterte til å gi tilbakemeldingar på forskrifta. Den desentraliserte kinostrukturen er jo slik at det er rundt om i kommunane og i dei ulike lokalsamfunna kinoane er og me meiner det ville vore naturleg om me blei spurte om å gi tilbakemeldingar på noko som er svært viktig for oss. Me vel difor likevel å senda eit svar då me meiner at forslaget kan få drastiske verknader for oss som kommunalt driven, mellomstor kino. Om bakgrunnen til høyringsnotatetet. Noko som er litt spesielt med denne høyringa er at bakgrunnen for den, er ei filmmelding som blei sterkt endra gjennom eit Stortingsforlik i etterkant. Me ser det slik at sentrale overeinskomstar i Stortingsforliket i liten grad speglar seg av i teksten i høyringsnotatet. I første avsnitt skriv KUD « Stortinget stilte seg bak regjeringens forslag om mer fleksible tilskuddsordninger som er uavhengig av plattformen filmen lanseres på…». Me meiner at dette er tatt ut av ein samanheng. Stortingsforliket sa ikkje berre dette, uttalelen frå kulturkomiteen streka under at dette skulle utsetjast til dei ulike ledda i verdikjeda, som tenar pengar på formidling av norsk film, vil bidra til produksjon av innhald. Me ønskjer at dette kjem tydelegare fram. Merknader til forskrifta: 1 Overordna formål for ordningen Me er samde med KUD sitt fokus på breidt og variert tilbod og at tilbodet skal nå eit stort publikum i Noreg i og utlandet. Me meiner likevel at det er for liten fokus på det regionale og lokale perspektivet. Me skulle ønske at KUD ville teke inn eit punkt f): Tilskota skal bidra til å oppretthalda den desentraliserte kinostrukturen og bidra til film- og kinokultur over heile landet. Barn og unge er nemnt i merknadane, men ikkje i forskriftsteksten. Etter vår meining bør dette punktet også løftast inn i forskriftene i eit nytt punkt. 6. Føremål med tilskot til filmformidling Me er glade for at teksten frå Stortingsforliket blir teke opp att i merknadane. I forslaget til punktet i forskrifta føreslår me å legga til noko i teksten: « Tilskot til filmformidling skal bidra til at publikum i heile Noreg får tilgang til eit breitt og variert tilbod av norske og utanlandske filmar av god kvalitet. Særleg når det gjeld visningsformer i det offentlige rom av stor viktighet for den desentraliserte kinostrukturen…..» Me har ikkje merknader til dei andre paragrafane. Me ber Kulturdepartementet ta omsyn til den unike kinokulturen me har i Noreg med ein desentralisert kinostruktur og freista finna ei løysning som tar vare på dei små og mellomstore kinoane i distrikta. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"