Notat om ny eldrerådslovgjeving Dato: 18.05.2016 Svartype: Med merknad Kommunaldep., arbeids-og sosialdep. og likestillings- oginkluderingsdep har sendt ut høyringsnotat råd for eldre, personar med nedsett funksjonsvne og ungdom i kommunar og fylkeskommunar. Særlova frå 1991 om eldreråd og lov om råd for personar med nedsett funksjonsevne frå 2007 vert føreslegne oppheva. I staden vert det føreslege generell forskrift i kommunelova om råd for eldre og personar med nedsett funsjonsevne. Regjeringa føreslær her at eldre og funksjonhemma skal ha lovbestemt rett til medverkning gjennom eigne råd i kommunar og fylkeskommunar. Når det gjeld råd for ungdom vert det føreslege at kommunane skal stå fritt til å opprette desse. Flora eldreråd ser det som positivt at regjeringa er oppteken av å halde fast på den lovfesta retten for eldre og funksjonshemma sine råd i kommunar og fylkeskommunar. Å gjere denne retten til ein del av kommunelova har Flora eldreråd ingen merknad til. Flora eldreråd vil peike på nokre punkt som må få klar forankring i det sentrale lovverket: Det må vere klart pålegg om at komunane stiller sekretærhjelp og tilstrekkeleg økonomiske ressursar til rådvelde for dei lovpålagde råda. Det må slåast fast at råda skal komme tidleg inn i saksbehandlingsprosessen. Dette gjeld særleg økonomi/budsjettprosessar og plansaker. Flora eldreråd ser det som positivt at det blir oppretta ”reine” eldreråd. I ein del saker kan det vere naturleg å arbeide saman med råd for funksjonshemma. Samansetjinga av eldreråda må vere slik at alderspensjonistar har fleirtal. Ulike pensjonistgrupper må ha rett til å føreslå medlemmer i eldreråd. Talerett for eldreråd i kommunestyre og hovudutval bør vere ein del av lovverket – ikkje opp til den enkelte kommune å avgjere. Det ligg i tida at brukargrupper skal ha høve til deltaking i avgjerdsprosessar. For mange eldre og sjuke vil eldreråda fungere som talspersonar i det kommunale systemet. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"