🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Uten merknad
Til horingen: Høring - råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funk...

Fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane

Departement: Familiedepartementet
Fråsegn frå fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane, 10. april 2016 Dato: 18.05.2016 Svartype: Uten merknad Vi ynskjer ei lovfesta ordning for ungdomsråd, med vedtektslinjer for utføring. Desse vedtektslinjene må vere mogleg å tilpasse til kommunar og fylke av ulik størrelse i både areal og befolkning. Vi meiner på den andre sida at om det ikkje er lovpålagt å ha slike ungdomsråd, bør det heller ikkje føreligge pålagte vedtektslinjer som kan verke restriktive for kommunane og fylkeskommunane. Det kan føre til at ein ikkje vel å opprette eller vidareføre slike råd, noko som vil vere eit tap for ungdom i dei ulike kommunane og fylkeskommunane. Det er viktig at desse medverknadsorgana er partipolitisk nøytrale, og frontar dei viktige sakene til ungdom. Vi meiner at det er viktig at ungdom blir hørt, derfor er desse medverknadsråda svært viktig for inkludering av ungdom. Det er også viktig at desse organa får taletid i kommunestyret/bystyret/fylkestinget. Ungdom må få ein arena å kunne påverke og engasjere seg på, berre med grunnlag i at dei er ungdom. Dette meiner vi bør vere tilstade på kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt nivå. Vedlegg Følgjebrev_uttale_lovfesting av råd_2016_FFU.pdf Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen