🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – endring i introduksjonsloven Innføring av forsøkshjemmel

Bømlo vaksenopplæring - Bømlo kommune

Departement: Familiedepartementet
Høringsvar.Endring i introduksjonsloven Innføring av forsøkshjemmel Dato: 19.04.2016 Svartype: Med merknad Utale frå Bømlo vaksenopplæring -  Bømlo kommune. Ansvar for introduksjonsprogrammet er i si heilhet delegert til Bømlo vaksenopplæring.   Høyringa om endringane i introduksjonslova legg vekt på at det skal innførast ein forsøksheimel som skal gi kommunane større fleksibilitet. Høyringa skisserer opp ein del eksempel på forsøk.  Men dei fleste eksempla høyringa skisserer, kan gjennomførast etter gjeldande lovverk. Gjennom fleire år med KUM-midlar har Bømlo vaksenopplæring jobba hardt med å få til ei raskare og betre kvalifisering. Systematisk arbeidet har resultert i høgare måltal når det gjeld talet på deltakarar som går ut i jobb eller vidare utdanning etter introduksjonsprogrammet, og gode resultat på norskprøvane. Utviklingsmidlane (KUM) har gitt oss muligheiter til å utarbeide gode verktøy for å få til god kvalifisering. Slik lova er i dag, er ho ikkje til hinder for å prøve løysingar me kan tenkje oss. Prosjektmidlar er difor ei god løysing for å prøve ut og implementere  gode metodar som fører til raskare gjennomstrøyming og gode måltal. Eit eksempel på forsøk som er nemnt i høringsbrevet, er å redusere utbetalinga frå 2G til 1,8G før deltakaren når eit A2-nivå. Etter vår meining er dette ein måte å tenkje på som ikkje vil bidra til at fleire går over i arbeid eller utdanning raskare. Kostra tal synte at  omlag 70% av deltakarane som var  i introduksjonsprogrammet i Bømlo kommune  fekk supplerande økonomisk sosialhjelp i 2014.  Ein reduksjon av ytingane i introduksjonsprogrammet kan føre til fleire som vil trenge supplerande sosialhjelp og meir ekstra arbeid for etatane som er involverte.  Vår erfaring er at dei fleste personane som går i introduksjons programmet er motivert og har eit sterkt ynskje om å bidra i lokal samfunnet på alle moglege måtar. Det som kan forsinka integreringsprosessen har ofte andre grunnar enn motivasjon hos deltakarane. Introduksjonsloven slik den fungerer i dag er som sagt   ikkje til hinder for å få til fleksible løysingar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen