Små vassforsyningssystem/vassverk Dato: 21.01.2016 Svartype: Med merknad Ser at mattilsyn blir pålagt å samle inn data frå alle mindre (2+) vassverk, og at det er kommunen som skal ha oversikt. Sidan mattilsynet skal vere ansvarleg for å samle inn dataene, men det er kommunen som skal ha oversikt vil dette kreve utstrakt samarbeid. Ein lyt påsjå at dataflyten mellom mattilsynets dataverktøy går i lag med verktøyene kommunane nyttar, elles vil dette bli vanskeleg. Kommunane nyttar typisk Gemini VA, eller Norkart Gisline. Ser for meg at dette er ein jobb som vil ta fleire år. Er også usikker på om dette kravet omfattar felles stikkleidningar som er tilknytta kommunale vassverk, eller om det kun gjeld frittståande private forsyningar. Når det gjeld beredskap skulle det vore pålagt for større private vassverk å levere brannvatn/slokkevatn på lik linje med kommunale anlegg. Slik det er i dag er det kommunen som har ansvaret for brannvatn åleine, noko som er vanskeleg å handtere i områder med store private vassverk som ikkje ynskjer å bruke midlar på brannvatn. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"