Dato: 01.07.2025 Svartype: Med merknad Eg har eit par kommentarar til einskilde termar nytta i omsettinga av artikkel 5. Artikkel 5 (1) (a) etablerer eit forbod mot KI-system som "deploys" subliminale teknikkar "beyond a person's consciousness" eller "purposefully manipulative" eller "deceptive techniques" osv. "Purposefully manipulative" er på norsk føreslått som "bevisst manipulerende". Dette er eit uheldig uttrykk etter mi meining, ettersom "bevissthet" allereie er nytta like før som ein referanse til eit menneske si (manglande) medvitne oppfatning av subliminale teknikkar. "intendert", eller eit tilsvarande uttrykk som får fram brukaren sin intensjon om å ta i bruk manipulerande teknikkar i KI-systemet, kan vere eit betre alternativ. Forbodet gjeld vidare der desse teknikkane kan "materially distort" ein person si åtferd eller som det er rimeleg å anta at kan påføre personen "significant harm". I fråver av indikasjonar på noko anna, så må me anta at valet av ulike termar på engelsk ("materially" og "significant") er tilsikta. Difor kan det vere uheldig at den same norske termen "betydelig" er nytta båe stader. Det engelske uttrykket "materially distort" har reint språkleg ein særs høg terskel: verbet "distort" er i seg sjølv eit sterkt verb som indikerer noko meir enn simpel endring, og adverbet "materially" styrkjer dette ytterlegare. Eit norsk alternativ kan vere "vesentlig", som i norsk rett indikerer ein skjerpa terskel. Ei mogleg ulempe med å nytte denne termen er at norske lovtolkarar allereie har ei oppfatning om meiningsinnhaldet og terskelen for dette eksakte uttrykket. Dette kan slå uheldig ut dersom rettspraksis frå EU-domstolen skulle vise at terskelen for "materially" ligg høgare eller lågare enn den norske "vesentlig". Tidlegare versjonar av KI-forordninga hadde ikkje kvalifikatoren "significant" harm, noko som kan tyde på ei bekymring om at terskelen var for låg. Eg meiner "betydelig" fangar opp at det er snakk om ein høg terskel, og at dette difor kan vere eit godt norsk alternativ her. Sjå òg tilsvarande ordbruk i artikkel 5 (1) (b). Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"