Vedtak:
1. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at den midlertidige stansen i mottak av nye søknadar om løyve til landbasert oppdrett av laks og aure blir oppheva.
2. Møre og Romsdal fylkeskommune er positiv til forslaget om at det berre kan bli gitt akvakulturløyve på land dersom anlegget ligg på fast grunn, i fjell eller utfylte masser som ikkje er dekka av vatn.
3. Møre og Romsdal fylkeskommune er av den oppfatning at det ikkje trengs forskriftsfestast ytterlegare krav til plassering av anlegg.
4. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at utvikling av nye teknologiar og berekraftig utvikling også må kunne skje i anlegg på land. Anlegg plassert på land i samsvar med forskriftsforslaget må kunne nyttiggjere seg av teknologi som gir minst mogleg løftehøgde på vatnet, og dermed lågare energiforbruk og -kostnad. 5. Forskriftsutforminga må skje på ein måte som bidrar til teknologiutvikling som betre ivaretak miljøomsyn.
6. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det ikkje er behov for eit eige ufråvikeleg vilkår om desinfisering av inntaksvatn for alle anlegg på land. Eit desinfeksjonskrav av inntaksvatn kan framleis vere ein del av vurderingane Mattilsynet gjer etter akvabiosikkerheitsforskrifta i den ordinære søknadsprosessen, noko som mogleggjer ei betre vurdering av det konkrete behovet for det aktuelle området.
Saksfremlegg, behandling og vedtak er også lagt til som vedlegg.