🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - ny forskrift momskompensasjonsordningen for frivillige organisasjoner 2...

Aslak Opsahl Brimi

Departement: Familiedepartementet
Dato: 14.10.2025 Svartype: Med merknad Innspel frå FolkOrg til ny forskrift momskompensasjonsordningen for frivillige organisasjonar 2025 Vi takkar for moglegheita for å kome med innspel. For oss og våre lokallag og medlemmer er momskompensasjonsordninga ei særs viktig ordning. Vi er veldig glade for at denne ordninga vert vidareført og trygga, og får ei så gjennomarbeidd forskrift. Vi opplev med dette forslaget at vi - og dei innspela vi støtta opp om - i stor grad har blitt høyrt i førre runde. I denne høyringa støttar vi særleg opp om Frivillighet Norge og Norsk Musikkråd (NMR) sine grundige innspel. FolkOrg ynskjer å understreke tre punkt: FolkOrg meiner – som NMR og Frivillighet Norge – at regelstyrt finansiering av ordninga er veldig viktig å få på plass. Så ein kommentar angående vurdering av frivillig innsats som ein «viktig del av organisasjonens virksomhet». Det er viktig at det IKKJE vert innfør nye og byrokratiske krav om dokumentasjon på friviljug innsats. Dette ville i såfall vere motverkande mot noko av det som er intensjonen av ordninga, nemleg at det skal vere ei enkel ordning for den friviljuge organisasert innsatsen rundt om. Så meiner vi at studieforbunda også må kunne søke om momskompensasjon etter dei same kriteria som andre friviljuge paraplyorganisasjonar. Her støttar vi opp om Kulturalliansen sin argumentasjon. Med helsing frå FolkOrg, ved dagleg leiar Aslak Brimi Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen