🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av Statnett sin konseptvalgutredning for Indre Sogn

Hans-Ragnar Skogli

Departement: Familiedepartementet
Dato: 11.11.2024 Svartype: Med merknad Underteikna er grunneigarar i Ofredalen og i Seimsdalen, Årdal kommune, g/br.: 33/1 og 32/2. Våre område og sameiegeområde i nord og vest, Ofredalen, Feningdalen og Seimsåsen-Trongenosi, grensar opp mot eit urørt, fjellområde der det er mykje villrein og inngår i Vest-Jotunheimen villreinområde. Både konsept 2.1 og 2.2 vil gå gjennom kalvingsområdet og viktige beiteområde. Det er også hjort og elg i området øvst i Seimsdalen, samt fjell- og lirype i området øvst i Ofredalen og mot Luster. Då far min tok over garden der me bur var reinstammen på over 2000 individ. No er den nede på ca 360. Argumentet er at det ikkje finst beite for ein større stamme og det er derfor viktig å behalde det me har då villreinen i Noreg representerar den siste villreinen i Europa. Den er også vurdert som "nær truet" på raudlista. Konsept 2.1 og 2.2 vil i stor grad øydelegge opplevinga av villmark og urørt natur og samstundes påvirke verdien av våre utmarksinteresser negativt. Konsept 2.1 og 2.2 vil føre til enorme endringar og inngrep i områd som framleis brukast av villreinen, men 2.3 vil vere ei oppgradering av allereie eksisterande strukturar. Helsing Taryn Malkhassian og Hans-Ragnar Skogli Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"