🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag om nye pensjonsregler for ansatte i stillinger med særaldersgre...

Bodil Svoldal Nakkerud

Departement: Familiedepartementet
Dato: 28.10.2024 Svartype: Med merknad Eg forstår at det er nødvendig med nye pensjonsvilkår, men så store endringar som er foreslått kan ikkje innførast på så kort sikt. Det må forventast at det er ei viss forutsigbarhet for dei det gjeld. For min del som er fødd i 1973, var ferdig utdanna i 1996 og har pr i dag 28 år i etaten, ville i dag hatt 6 år igjen til eg kan velga å gå av med pensjon som 57 åring med særaldersgrensa 60. Dette har hatt betydning for yrkesvalet mitt, men aller mest har det vore ein motivasjon for å halda ut i jobben som politioverbetjent. Dette valet har fått større og større betydning jo eldre eg har vorte og jo større belastningane i yrket har vorte. På ein liten politistasjon som eg arbeider på, er ein avhengig av at alle er operative og deltek på vakt og beredskap til ein går av med pensjon. Fysisk klarar eg framleis kravet for å vera operativ, men det kostar meir no. Oppdraga ein vert sendt på varierer i karakter og alvor, men alle påfører små og store inntrykk. I tillegg er me etterforskarar i alle typer saker, frå tjuveri til seksuelle overgrep og grov vald. Me må handtera bilder, video og menneskelege historier som overgår fantasien vår. Dette vert ei stor påkjenning over tid. Som godt vaksen politioverbetjent har eg mykje erfaring for og takla dette, men også mange djupe inntrykk og belastningar med meg i sekken. Det er begrensa kor mykje det er plass til i denne sekken før det går utover livskvaliteten. Om 6 år kunne eg ha gått av med pensjon, funne meg noko anna å gjera som ikkje er så belastande som politi, og jobba redusert. Fremleis ha livskvalitet og energi til å gjera nytte for meg. Det har vore motivasjonen for å halda ut denne viktige og gjevande jobben. For den er gjevande også, gleda av å gjera ein forskjell i liva til menneske som treng det. Slik det er foreslått må eg no arbeida 10 år til. Eg er ikkje sikker på at det er plass til 4 ekstra år med belastningar i sekken min. Eg har tatt valg både i yrkeslivet og privatlivet som har hatt som forutsetning at eg kan gå av med pensjon når eg er 57 år. Framleis veit eg ikkje korleis pensjonen min vil sjå ut og det er ikkje venta at dei nye reglane skal tre i kraft før i 2026. Då er det 4 år til eg kunne ha gått av. Dette er ikkje på langt nær nok tid til å gjera nødvendige endringar i desse viktige livsvalga. For årskullet mitt har denne foreslåtte endringa slått spesielt hardt ut. 4 år ekstra i stilling med særskilt belastning og innstramming i muligheten for arbeid etterpå uten fråtrekk i pensjonen. Det betyr at me har fått markant dårlegare pensjonsvilkår enn for dei født før 1970 som berre har fått levealderjustering. Dette er urimeleg. Ein må kunna kreva å få minst 10 år med forutsigbarhet frå vedtak til endringane får virkning. Og med vedtak meiner eg datoen dei nye pensjonsvilkåra vert vedteke. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen