Forslag til endringar i folkehøgskuleloven og forskrift til folkehøgskuleloven
Viser til høyringsbrev av juni 2024.
Fjordane Folkehøgskule stiller seg bak høyringssvaret til Folkehøgskulerådet , men ynskjer å utdjupe Kap.5.4.1 Krav til organisering
Fjordane Folkehøgskule endra eigarform til foreining/lag/innretning i 2021, og sit på den måten med førstehandsinformasjon om kor resurskrevjande ei slik omorganisering er. Vi meiner krav til openheit og kontroll av økonomien er godt nok fastsett i Forskrift til lov om folkehøgskular. Ved endring av §2b vil krav til styret også styrke kravet til kontroll og openheit. Vi støttar at kravet til organisering kan stillast til nye skular.
Skal vi betale dokumentavgift på overføring av eigedomen til eit AS, vil dette medføre store kostnadar for oss og vår skule. Vi meiner desse midlane, om dei er tilgjengeleg, bør gå til vidareutvikle skulen og på den måten ruste oss for framtida.
Sekundert må kostnadane ein slik endring medfører dekkast heilt eller delvis av det offentlege.
Silvia van Hesik Førde