🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i folkehøyskoleloven og forskrift til folkehøysk...

Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule

Departement: Familiedepartementet
Dato: 20.10.2024 Svartype: Med merknad Til Kunnskapsdepartementet Sunnmøre Folkehøgskule sitt høyringssvar til forslag til endringar i folkehøgskulelova og forskrift til folkehøgskulelova. 1) Tilslutning til Folkehøgskolerådet sitt høyringssvar. Sunnmøre Folkehøgskule gjev med dette si tilslutning til Folkehøgskolerådet sitt høyringssvar. Folkehøgskolerådet har saman med styra i dei 4 folkehøgskuleorganisasjonane gjort eit grundig arbeid på vegne av alle folkehøgskulane i Norge. Sidan NOU 2022:16 vart lagt fram for to år sidan, har det vore jobba iherdig med både høyringssvar til utvalsarbeidet, og no ikkje minst med høyringa til lovutkastet. Skulane har vore involvert i arbeidet gjennom møteverksemd undervegs, og underteikna har som styremedlem i IKF følgt prosessen tett i dette omfattande arbeidet. Folkehøgskolerådet består av dei fire folkehøgskuleorganisasjonane, Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole (IKF) og Informasjonskontoret for folkehøgskole (IF), Norges kristelige folkehøgskolelag (NKF) og Folkehøgskoleforbundet (FHF). Organisasjonane representerer både skulane/eigarane og tilsette (fagorganiserte), og ein kan difor på nokre punkt ha litt ulike syn eller interessekonfliktar mellom organisasjonane. Likefullt har Folkehøgskolerådet i dette høyringssvaret samla seg om tydelege forslag som representerer heile folkehøgskulelandskapet. Departementet bør difor lytte godt til Folkehøgskolerådet sitt høyringssvar. 2) Sunnmøre Folkehøgskule Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre, og er ein breiddeskule med godkjent kapasitet på 126 elevar. Skulen er ein av fem folkehøgskular som er heileigd av KFUK-KFUM Norge, og er ein del av den kristne folkehøgskulebevegelsen. Sunnmøre Folkehøgskule tok i 2006 over tidlegare Ulstein Hotel gjennom ein trekanthandel med kommune, privat hotelleigar og skulen, og skulen har difor gode fasilitetar med universell utforming og bad på alle rom. I tillegg har ein gjort store investeringar både i høve til energibruk, nybygg og rehabilitering for å gi elevar, tilsette og andre brukarar gode rammevilkår for læring og trivsel. 3) Sunnmøre Folkehøgskule sitt høyringssvar I dette høyringssvaret vil vi gi nokre utdjupande svar til enkelte av dei punkta der vi allereie støttar Folkehøgskolerådet sitt forslag, samt gi støtte til IKF / NKF på det punktet der dei tek dissens i høyringssvaret. Punkt i vårt høyringssvar der vi støttar Folkehøgskolerådet sitt forslag / høyringsuttale, men ønsker å gi ytterlegare kommentarar: • Formålsparagraf (pkt. 4 under) • Elevbetaling og forslag om makspris (pkt. 5 under) • Like rammetilhøve (pkt. 6 under) Punkt i vårt høyringssvar der vi støttar IKF / NKF sitt syn: • Utjamning av meirverdiavgiftskompensasjon (pkt. 6 under) 4) Formålsparagraf (jamfør FHSR høyringssvar pkt. 3) Vi viser til Folkehøgskolerådet sin argumentasjon i deira høyringssvar pkt. 3. Fleire av omgrepa departementet ønsker å ta inn i formålsparagrafen, er tidsbestemte uttrykk som vi i dag også kjenner igjen frå planar og lovverk for offentleg skule. Til dømes er livsmeistring, berekraft og mangfald omgrep som har prega folkehøgskulane sitt arbeid i lang tid før omgrepa vart tekne opp i offentleg skule, og ligg difor implisitt i folkehøgskulane sitt vide føremål om allmenndanning og folkeopplysning. Folkehøgskulane har gjennom alle tider utforska pedagogikken og vore plogspissar i utviklinga av skulane. Nettopp på grunn av den vide formålsparagrafen, har det vore mogleg å vere utforskande og utviklande. Omgrep som til ei kvar tid har betydning for individ og samfunn, ligg også til ei kvar tid implisitt i arbeidet vårt under denne vide formålsparagrafen. Å ta inn tidsbestemte omgrep i ei lov som skal vare lenge, vil difor ikkje vere hensiktsmessig. Departementet føreslår også å ta bort setninga om å fastsette verdigrunnlaget innafor ramma av føremåla. Dette er Sunnmøre Folkehøgskule svært ueinige i. Kanskje ser departementet at verdiorienteringa ligg implisitt i folkehøgskulane sitt arbeid, men her er det etter vår meining viktig å vere tydeleg på at folkehøgskulane skal arbeide verdiorientert. Tidsbestemte uttrykk kan ligge implisitt under ein vid formålsparagraf, medan det som definerer folkehøgskulane, det verdibaserte arbeidet, framleis må vere uttrykt eksplisitt og forankra i formålsparagrafen i lova. Det er viktig at folkehøgskulane har ein formålsparagraf som viser tydeleg kva ein folkehøgskule er, som eit viktig alternativ og supplement til andre skuleslag. Vi støttar difor Folkehøgskolerådet sitt forslag til korleis paragraf 1 skal lyde: «Lovens formål er å bidra til at det kan opprettes og drives folkehøgskoler i Norge. Folkehøgskole må være med i skolens navn, og bare skoler som er godkjent etter § 2, kan bruke navnet folkehøgskole. Folkehøgskolens formål er å fremme allmenndanning og folkelig opplysning, aktivt medborgerskap og menneskeverd. Den enkelte folkehøgskole har ansvar for å fastsette verdigrunnlag innenfor denne rammen.» 5) Elevbetaling og forslag om makspris for folkehøgskulane sine kurs (jamfør FHSR høyringssvar pkt. 13 og 18.12) Vi viser til Folkehøgskolerådet sitt høyringssvar om elevbetaling og forslaget om innføring av makspris for folkehøgskulane sine kurs, jfr pkt. 13 og 18.12. I tillegg til argumentasjonen som Folkehøgskolerådet gjev, må det også vektleggast at forslaget om makspris vil kunne få store konsekvensar for skular som allereie har modernisert, og potensielt forseinke eller stoppe nødvendige moderniseringsprosessar for skular som pr i dag har gamle og utdaterte skuleanlegg. Dette gjeld spesielt for dei privateigde folkehøgskulane som ikkje har ei fylkeskommune eller kommune til å bere utgiftene ved oppgradering av skuleanlegget, og difor må finansiere alt sjølv. Sunnmøre Folkehøgskule har både gjennom kjøp av Ulstein Hotel i 2006 og langsgåande oppgraderingar, investert stort i skuleanlegget, og tilfredsstiller dermed også krava som vert stilt til eit folkehøgskuleanlegg mtp universell utforming og andre krav i ulike lovverk. Dette fører samtidig til at utgiftene til skuleanlegg utgjer ein stor del av skulen sitt budsjett. Mange elevar vel Sunnmøre Folkehøgskule nettopp på grunn av høg standard, og i dei årlege EPSI-undersøkingane scorar vi svært høgt både på «fasilitetar» og «verdi for pengane». Samstundes er det eit mål for oss å halde prisane på eit konkurransedyktig nivå. Folkehøgskolerådet peikar på at skulane sine inntekter kjem gjennom statstilskot og elevbetaling. For å halde prisane nede for elevane, driv Sunnmøre Folkehøgskule også ei offensiv anna drift der dette er mogleg i høve til skuledrifta (sommar, feriar og elles). Her har vi også ein viktig funksjon i lokalsamfunnet gjennom kurs, arrangement, minnestunder, catering og selskap. Vi har derimot nådd ei fornuftig grense for kva skulen kan hente ut av anna drift, og dersom det blir vedteke ein makspris for elevbetalinga, vil det ha konsekvensar for tilbodet skulen kan gi elevane. For å få dei elevane vi treng for å ha ei berekraftig drift, må vi også kunne tilby kurs med innhald som elevane er interessert i og som potensielt kostar meir enn ei grense som er gjeve gjennom lov. Om vi må justere eller kutte ned på slike kurs, vil vi kanskje også miste elevar. Dette vil igjen gå utover tilbodet til alle elevane. Vi meiner elles det er feil å problematisere kostnadane ved eit folkehøgskuleår, både i høve til kva som faktisk ligg inne i prisen og kva elevane sjølve melder tilbake etter året. Så sant du ikkje bur heim eller er i militæret, så er det ingen plass du får så mykje for pengane som på folkehøgskule. Sunnmøre Folkehøgskule støttar difor Folkehøgskolerådet sitt svar til forslaget om innføring av makspris: «Folkehøgskolerådet mener det vil være en utilbørlig regulering av folkehøgskolene med en statlig styrt pris av et skoleslag som ikke er en del av det lovpålagte formelle utdanningssystemet.» 6) Like rammetilhøve og utjamning av mva-kompensasjon (jamfør FHSR høyringssvar pkt. 12) Folkehøgskolerådet står samla bak kravet om at skulane skal ha like rammetilhøve og meiner at alle skulane burde ha mva-kompensasjon, ikkje berre dei offentleg eigde. At dette pr. i dag er ei ordning som berre gjeld dei offentleg eigde folkehøgskulane, bidreg til ei sterk konkurransevriding mellom skulane. Om ikkje dei privateigde folkehøgskulane skulle tilkjennast ei ordning med mva-kompensasjon, må det utarbeidast reglar som jamnar ut konkurransefordelane dei offentleg eigde skulene får på grunn av momskompensasjonen. På dette punktet har ikkje organisasjonane klart å kome fram til eit felles vedtak i Folkehøgskolerådet sitt høyringssvar. IKF og NKF meiner på si side, i flg. høyringssvaret, at det bør utarbeidast reglar som kan bidra til ei utjamning av meirverdiavgiftskompensasjon, og har teke dissens (side 25). Sunnmøre Folkehøgskule støttar IKF og NKF sitt syn på dette punktet: Sunnmøre Folkehøgskule ønsker like rammetilhøve for heile folkehøgskolesektoren, både økonomisk og administrativt. Offentleg eigde folkehøgskular har kompensasjon for meirverdiavgift, og dette fører til ein økonomisk ulikskap mellom skulane. Sunnmøre Folkehøgskule meiner alle skular bør få denne kompensasjonen, men sidan dette pr i dag berre gjeld dei offentleg eigde skulane, ber vi om at det vert utarbeida reglar som kan jamne ut skilnadane dette fører til. Ei løysing kan vere å legge inn ein faktor i tilskotsordninga der mva-kompensasjonen for dei offentleg eigde skulane vert trekt ut og fordelt jamt til dei skulane som i dag ikkje har ein slik fordel. Ulsteinvik, 20.10.2024 Arnt Ole Grimstad Rektor Sunnmøre Folkehøgskule Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"