🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i folkehøyskoleloven og forskrift til folkehøysk...

Styret for foreininga Sunnhordland folkehøgskule

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.10.2024 Svartype: Med merknad Styret for foreininga Sunnhordland Folkehøgskule (org nr 971 56 4008) vil med dette ytre si meining om foreslått krav til omorganisering til aksjeselskap eller stiftelse. Tidlegare hadde skulen to styre, eitt for forvaltning av eigedom og eitt for skuledrifta. Det var ikkje enkelt å halde saker frå kvarandre fordi det går ikkje skarpt skille mellom desse to ansvarsområda. I kvardagen har eigedommane slik dei er utforma mykje å seie for korleis skulen kan drivast, kor mange elevar det kan vera og kva linjer me kan ha. Etter at me endra strukturen i leiinga opplever me at me får meir ut av den ressursen styret kan vera for skulen. Me har godt oversyn over heilheten. Me er godt nøgd med den organisasjonen me har no. Me meiner også at me stettar krava i folkehøgskulelova til openheit og dokumentasjon av korleis tilskot og elevpengar blir brukt. Me har ingen eigar som krev utbytte, me eig skulen sjølv. Overskot av drifta går i si heilhet tilbake til skulen. Sommardrifta ved skulen (leiropphald, bryllup, slektsstemne mm) gjer varierande overskot som er kjærkomne midlar som me kan disponere etter eige ønskje. Alle midlar går tilbake til skulen og blir brukt til oppgradering av internat og utstyr, vedlikehald av eigedommen og marknadsføring. Me følgjer rekneskapslova av 1998 og all bruk og disponering av midlar blir bokført slik at det er sporbart og dokumentert. Me meiner me har innretta oss slik at krav i lov om folkehøgskular og rekneskapslova er stetta. Me kan ikkje sjå at me får gjort noko på ein betre måte om me skulle vera organisert som aksjeselskap eller stifting. Me meiner at verken skulen, elevane eller det offentlege vil ha noko gagn av ei slik omorganisering, og kostnadene med endringa står dermed ikkje i høve til vinsten. Ei omorganisering vil påføre oss store kostnader og vil kreve mykje ressursar. Skulen sitt område eig me sjølv. Det er ein stor hovudbygning og fleire internatbygg, undervisningsbygg, lærarbustader, ei kulturløe, og ei tomt med strand, der det er planar om vedlikehald av eit gammalt naust. Alt dette er til bruk for elevane. Ei taksering og realisjonskostnader vil koste oss svært mykje, me meiner det rett og slett er uhandterbart, og det vil øydelegge økonomien og dermed planane for vedlikehald av utstyr og eigedom. Å vera med i eit styre og ha kontroll på økonomi vil oftast seie å vurdere kostnad mot nytte, både på kort og lang sikt. Det er alltid viktig for oss å unngå unødige kostnader, og utnytte midlane mest mogleg effektivt. Formuleringa i folkehøgskulelova § 4 pålegg også skulen å ikkje ta utbytte, eller … «på annen måte pådra seg kostnader som kan innebære at alle offentlige tilskudd eller elevbetalinger ikke kommer elevene til gode» (§ 4b). Me opplever krav om omorganisering som ei overbelastning for skulen vår, og skjønnar ikkje korleis me skal kunne gjennomføre det utan å komme i konflikt med krava i folkehøgskulelova om at alle midlar skal komma elevane til gode, dersom omorganiseringa inneber at eigedom skal overførast etter reglane om realisasjon. Om mogleg kan det i verste fall bli eit alternativ for oss å behalde eigedom i foreininga, og opprette ei stifting som tek seg av skuledrifta og leiger anlegget. Men då vil me vera tilbake til det gamle problemet med at det blir to styre, noko me slett ikkje ønskjer. Me meiner skulen vår fungerer veldig fint som det er og håpar at krav om spesiell organisasjonsform berre skal gjelde for nye skular. Helsing styret for Foreininga Sunnhordland folkehøgskule Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"