🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Forslag til regler om bruk av fysisk inngripen for å avverge at en elev u...

Kvinnherad kommune

Departement: Kunnskapsdepartementet
Dato: 08.10.2024 Svartype: Med merknad Kvinnherad kommune støttar intensjonane med lovforslaget; å skape ein trygg skuledag for elevar og tilsette, og å leggje til rette for god handtering av krevjande situasjonar. Vi er einige med departementet i at situasjonar der elevar forstyrrar eller øydelegg for undervisninga primært må handterast med ei fagleg-pedagogisk tilnærming, og at fysisk inngripen bør unngåast. Vi meiner samtidig at det er urealistisk at maktbruk alltid kan unngåast, og at det nokre gonger vil oppstå situasjonar der tilsette må bruke makt. Ein del tilsette i skulen er usikre på når dei kan gripe inn fysisk og dei kan oppleve at dei opererer i ei gråsone mellom kva som er lovleg og kva som ikkje er det. Skulen sine tilsette er forskjellige, dei har ulik terskel for å gripe inn og ulike tolkingar av situasjonar. Vi meiner at forslaget ikkje er tydleg nok til å avklare for tilsette kva som er legitim maktbruk og kva som er ei krenking av eleven. Det er heller ikkje tydleg nok til å danne eit godt grunnlag for tilsette si skjønsutøving. Formuleringar i høyringsnotatet er diffuse. Sjølv med merknadene er det framleis tvil om kva som vil vere eit fysisk inngrep heimla i lova, om og når det er naudsynt, om det er eigna og rimeleg, kva som er ei skade/vesentleg skade og om inngrepet har ein akseptabel styrke og varigheit. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"