Bustøttelova

Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot (bustøttelova)

§
20 paragrafer
📚
3 kapitler
📝
21 endringer
Rettsområder: Pensjons- og trygderett
Praksisområder: Trygderett
Sanksjonert/Vedtatt: 24.08.2012
I kraft: 01.01.2013
Departement: Kommunal- og distriktsdepartementet
Merknader: Tittelen endra ved lov 16 juni 2017 nr. 66 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 758).
📄 Last ned Word 📃 Last ned PDF
📈 Endringshistorikk
21 endringer, 2013-2026
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26

Kapittel I. Bustøtte

§ 3

Vilkår for rett til bustøtte

Rett til bustøtte har søkjarar som
  1. er over 18 år eller har eigne barn som bur i bustaden,
  2. svarar for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 5, og
  3. sjølve bur i bustaden.
§ 4

Unntak for visse personar

Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste, har ikkje rett til bustøtte.
Studentar som ikkje har barn i husstanden, har ikkje rett til bustøtte. Som studentar blir rekna alle som har rett til ytingar frå Statens lånekasse for utdanning. Dei som studerer innanfor eit offentleg program for arbeidskvalifisering, har likevel rett til bustøtte.
Dei som bur saman med ein person som ikkje har rett til bustøtte etter første og andre ledd, har ikkje rett til bustøtte. Foreldre som bur saman med eigne barn som er studentar, har likevel rett til bustøtte.
Bebuarar i ein institusjon der det kan bli kravd vederlag for opphaldet på grunnlag av inntekt, har ikkje rett til bustøtte.
§ 5

Krav til bustaden

Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden
  1. er godkjend som bustad
  2. er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
  3. har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
  4. gjev høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.
§ 6

Utrekning av bustøtte

Den bustøtta som skal betalast ut, blir utrekna som ein fastsett prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein eigendel. Eigendelen blir fastsett ut frå inntekta og formuen til husstanden.
Departementet kan i forskrift gje reglar om satsar og om utrekning og utbetaling av bustøtte.
§ 7

Finansiering og organisering

Staten dekkjer utgiftene til bustøtte.
Husbanken og kommunane administrerer bustøtteordninga. Kommunane dekkjer sine eigne utgifter til administrasjon.
Departementet kan i forskrift gje reglar om administrasjon og handsaming av bustøtte.
§ 8

Innhenting og handsaming av personopplysningar

Husbanken og kommunane kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag, eigarseksjonssameige og tilbydarar av posttenester å gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum, og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, kan ikkje krevje godtgjering. Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
Når allmenne interesser tilseier det, kan departementet med forskrift eller i enkelttilfelle samtykkje i at opplysningane i bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter.
§ 8 a

Masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål

Husbanken kan utan hinder av teieplikt hente inn registrerte opplysningar om ei større mengd namngjevne mottakarar av bustøtte for elektronisk samanlikning med opplysningar i eit anna register (masseinnhenting). Opplysningar om husstandsmedlemmene til mottakarane kan hentast inn på same måte. Husbanken kan òg hente inn opplysningar om bustader og kven som bur eller har budd i bustader som er del av ei sak om bustøtte. Føremålet med innhentinga må vere å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er eller har vore oppfylte.
Masseinnhenting kan skje frå register hos andre offentlege styresmakter, tilbydarar av posttenester eller frå Husbanken og kommunane sine eigne register.
Masseinnhenting kan gjelde opplysningar om inntekt eller andre økonomiske forhold, yrke (student/arbeidsledig/vernepliktig), bustad eller adresse, lovleg tilgang til opphald i riket og kven mottakaren bur saman med. Opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10 kan ikkje masseinnhentast.
Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføringa av masseinnhenting. Departementet kan også i forskrift gje reglar om at masseinnhentinga skal kunne omfatte andre opplysningar enn dei som er nemnde i tredje ledd, dersom opplysningane er av tilsvarande art og ikkje fører til vesentlege personvernkrenkingar. Det kan også fastsetjast i forskrift kva register opplysningar kan hentast inn frå.
§ 8 b

Gjennomføring av masseinnhenting

Masseinnhenting skal gjerast av ei særskilt utpeika eining. Eininga kan hente inn, registrere, samanstille og lagre opplysningar så langt det er nødvendig for å avgjere om bustøtte blir eller har blitt utbetalt i strid med vilkåra for å ta imot støtte.
Opplysningar om den enkelte mottakaren av bustøtte kan vidareformidlast med sikte på å korrigere eller stanse feilaktige utbetalingar, krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt beløp, og straffeforfølging. Elles kan vidareformidling skje når dette følgjer av lov eller reglar gjevne i medhald av lov.
Opplysningar som er henta inn ved masseinnhenting, skal slettast så snart omsynet til kontroll og oppfølging tillèt det.
Masseinnhentinga skal gjennomførast slik at opplysningar som ikkje verkar inn på retten til bustøtte, ikkje blir omfatta eller utleverte. Innhentinga skal heller ikkje føre til at det blir utlevert opplysningar om andre personar enn dei som kontrollen gjev grunn til å følgje opp. Dersom slike opplysningar likevel skulle bli utleverte, skal dei slettast omgåande.
Offentlege styresmakter eller tilbydarar av posttenester skal leggje til rette for at opplysningane dei har, på førespurnad blir gjorde elektronisk tilgjengelege for særskilt utpeika einingar i Husbanken. Det kan ikkje krevjast godtgjering for slik tilgjengeleggjering og utlevering av opplysningar.
Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, pliktar å gjere dette utan godtgjering.
§ 8 c

Innhenting av opplysningar frå tredjeperson

Kommunen, Husbanken eller særskilt utpeika einingar kan påleggje alle som kan ha informasjon som er eigna til å belyse saka, å gje opplysningar som er nødvendige for å avdekkje eller avgrense urettmessig utbetaling av bustøtte. Vilkåret er at det ligg føre ein rimeleg grunn til mistanke om at det er skjedd eller vil skje urettmessig utbetaling av bustøtte. Opplysningar kan krevjast også om andre enn mottakaren av bustøtte.
Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld for opplysningar som er henta inn etter paragrafen her, men den registrerte har først krav på informasjon når kontrollen er ferdig utført. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument m.m. i medhald av paragrafen her, skal gjere det utan hinder av teieplikt. Helseopplysningar som ligg under teieplikt i helsepersonelloven, kan ikkje hentast inn etter denne føresegna. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument, pliktar å gjere dette utan godtgjering. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
§ 9

Overføring av krav på bustøtte

Uforfalne krav på bustøtte kan overførast til kommunar som gjev forskot til dekking av buutgifter eller avdrag og renter på bustadlån for det same tidsrommet. Bustøttemottakaren må på førehand skriftleg ha gjeve eit frivillig, uttrykkeleg og informert samtykke om at kravet kan overførast.
§ 10

Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Husbanken kan krevje bustøtta tilbake dersom
  1. mottakaren visste eller burde ha visst at han eller ho ikkje har hatt krav på støtte,
  2. mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren, aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar,
  3. Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det, eller
  4. husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er betalt ut for mykje. For mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar av bustøtte.
Departementet kan i forskrift gje reglar om tilbakebetaling av bustøtte.

Kapittel II. Kommunale tilskot til etablering i eigen bustad og til tilpassing av bustad

§ 14

Tilskot til etablering i eigen bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden

Kommunen kan etter søknad gje tilskot til å finansiere bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Det kan gjevast tilskot til personar med låg inntekt som ikkje klarer å etablere seg i eigen bustad. Tilskotet kan også bli brukt til reetablering for vanskelegstilte som har behov for ein betre tilpassa bustad. Personar med langvarige økonomiske problem skal prioriterast.
Det kan gjevast tilskot til å kjøpe, føre opp eller refinansiere eigen bustad. Kommunen kan også gje tilskot til å utbetre ein nyinnkjøpt bruktbustad.
§ 15

Tilskot til tilpassing av bustad for personar med behov for tilpassa bustad

Kommunen kan etter søknad gje tilskot som kan bidra til at personar med behov for tilpassa bustad no eller i framtida, kan finansiere nødvendig tilpassing.
Det kan gjevast tilskot til husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan også bli gjeve til eldre som treng å tilpasse bustaden sin for å kunne halde fram med å bu heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan vere økonomisk behovsprøvd.
Tilskot til tilpassing kan bli gjeve både til enkle tiltak, til større ombyggingar, og til å finansiere profesjonell prosjekterings- og utgreiingshjelp ved behov for tilpassing.

Kapittel III – Ikraftsetjing

2026
I kraft: 01. January 2026

Delt ikraftsetting av lov 25. april 2025 nr. 12 om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: forskrift/2025-06-10-967
2025
I kraft: 10. June 2025

Delt ikraftsetting av lov 25. april 2025 nr. 12 om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: forskrift/2025-06-10-967
I kraft: 25. April 2025

Forskrift om endring i forskrifter, etter brann- og eksplosjonsvernloven, som følge av opprettelsen av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Kunngjøring: forskrift/2003-11-06-1317
2021
I kraft: 01. January 2021

Ikraftsetting av lov 4. desember 2020 nr. 137 om endringar i burettslagslova mv. (rett til å setje opp ladepunkt for elbil, samanslåing av eigarseksjonssameige)

Kunngjøring: forskrift/2020-12-04-2591
2020
I kraft: 04. December 2020

Forskrift om endring i produksjonsområdeforskriften

Kunngjøring: forskrift/2017-07-07-1161
I kraft: 01. January 2020

Delt ikraftsetting av lov 16. juni 2017 nr. 66 om endringer i ekteskapsloven og bustøttelova m.m. (oppgaveoverføring til kommunene)

Kunngjøring: forskrift/2017-06-16-758
2018
I kraft: 20. July 2018

Meddelelse om ikrafttredelse av lov 15. juni 2018 nr. 38 om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven)

Kunngjøring: forskrift/2018-07-17-1195
I kraft: 17. July 2018

Forskrift om endring i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag

Kunngjøring: forskrift/2023-05-08-732
I kraft: 15. June 2018

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i fiskevernsonen ved Svalbard i 2024

Kunngjøring: forskrift/2023-12-15-2089
2017
I kraft: 16. June 2017

Forskrift om krav til CO2-utslippmv. for produsenter av person- og varebiler

Kunngjøring: forskrift/2018-12-28-2247
I kraft: 01. June 2017

Ikrafttredelse av lov 28. april 2017 nr. 21 om endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

Kunngjøring: forskrift/2017-04-28-504
I kraft: 28. April 2017

Forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2019

Kunngjøring: forskrift/2018-12-18-2160
2016
I kraft: 01. November 2016

Ikraftsetting av lov 21. oktober 2016 nr. 82 om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Kunngjøring: forskrift/2016-10-21-1227
I kraft: 24. October 2016

Forskrift om takseringsregler til bruk ved fastsettingen av utenlandske artister for inntektsåret 2019 etter lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister

Kunngjøring: forskrift/2018-12-13-1910
I kraft: 21. October 2016

Forskrift om endring i forskrift om gebyr til Statens jernbanetilsyn for godkjenning av og tilsyn med innretninger til bruk i tivoli og fornøyelsesparker

Kunngjøring: forskrift/2016-04-13-372
2015
I kraft: 01. July 2015

Ikraftsetting av lov 19. juni 2015 nr. 69 om endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Kunngjøring: forskrift/2015-06-19-665
I kraft: 19. June 2015

Forskrift om endring i forskrift om priskompensasjon ved innenlands produksjon av skilleprodukter av egg

Kunngjøring: forskrift/2024-12-11-3050
I kraft: 19. June 2015

Forskrift om regulering av fisket etter dyphavsarter i ICES' statistikkområder 10, 12 og 14 utenfor noen stats jurisdiksjon (internasjonalt område) i 2017

Kunngjøring: forskrift/2016-12-19-1723
2014
I kraft: 01. January 2014

Endring i departementsstrukturen og i ansvarsfordelingen mellom departementene

Kunngjøring: forskrift/2013-12-13-1455
2013
I kraft: 01. January 2013

Ikraftsetjing av lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova)

Kunngjøring: forskrift/2012-08-24-826
-0001
I kraft: 30. November -0001

Lov om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: lov/2025-04-25-12