🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Rundskriv

Rundskriv N-1/2008 om godkjent utdanning etter Kunnskapsløftet for tildeling av løyve for person- og godstransport

01.01.2008

Etter yrkestransportforskrifta  § 8 må den som søkjer om løyve til transport ha stått til eksamen frå ei av departementet godkjent teoretisk opplæring for å vere fagleg kvalifisert.

Dette rundskrivet avklarar kva som er godkjent løyveutdanning for ein søkjar som har utdanning frå programområdet Transport og logistikk i vidaregåande skole etter innføring av Kunnskapsløftet.

Rundskrivet gjer vidare kjent at Kompetanseteam Vest AS er godkjent som fjernundervisningsinstitusjon for løyveutdanning. NKI Fjernundervisningen er tidlegare godkjent.

Rundskriva N-1/2007 og N-1/2005 blir oppheva og erstatta av dette rundskrivet.

Rundskrivet gjeld i tillegg til rundskriv N-4/2002. Ein søkjar som stettar krava etter rundskriv N-4/2002, vil også i framtida ha godkjent løyveutdanning.

 


 

Se originaldokument hos regjeringen.no →