Dato: 29.04.2024 Svartype: Med merknad La barn vere barn! Ekspertgruppa om betydning av barnehage, skole og Sfo for sosial utjevning og sosial mobilitet meiner dei har foreslått tiltak som kan påvirke barnas trivsel og helse, og styrke dei fagleg og sosiemosjonelt. Vi er ei gruppe på 5 barnehageleiarar i Nord-Fron, Midt-Gudbrandsdalen, med til sammen 124 års erfaring frå barnehager i by og bygd. Vi har mange gyldne augeblikk saman med barn og vaksne i ryggsekken vår, men vi kjenner og dagleg på frustrasjon og bekymring rundt korleis vi skal greie å fylle samfunnsmandatet vårt. Vi er derfor positive til at regjeringen set kvalitet i barnehagen på dagsorden og ynskjer tiltak for dette velkommen! Ekspertgruppa viser til regjeringenes mål om å få fleire gjennom videregåande opplæring. Dersom det er slik at utdanningssystemet i for liten grad legg til rette for dette, meiner vi at vi bør sjå på kva som motiverer mennesker til å lære og kva som skaper trivsel og tilhøyre. Kva er meiningsfullt, kva gjer god helse, auka mestring og velvære? Det skal ikkje mykje teoretisk eller erfaringsbasert kunnskap til for å vite at det å kjenne på tryggheit, mestring og anerkjenning legg til rette for god helse og utvikling. Korleis gir vi mennesker i starten av livet, den viktigste tida, dette? Vi må ha nok trygge, kompetente tilsette i barnehage og skule til å kunne møte barn der dei er, støtte dei og utfordre dei i takt med deira utvikling. Ekspertgruppa foreslår tiltak med systematisk profesjonsutvikling og systematisk veileda leik, samt å auke bemanningsnormen til å gjelde heile dagen. Systematisk profesjonsutvikling er ein del av barnehagen som ein lærande organisasjon, og noko vi dagleg arbeider med. Dei konkrete forslaga gruppa kjem med vitner om at dei ikkje kjenner til systemet slik det er i dag. Vi treng heller fleire barnehagelærere! Og, for å møte kompleksiteten i barnehagen må alle barnehagelærere kunne utøve profesjonellt skjønn og fagleg autonomi, ikkje vere styrt av instrumentelle verktøy. Å auke bemanningsnormen til å gjelde heile dagen er på høg tid, og heilt nødvendig for å fylle samfunnsmandatet vårt! Det vi seier heilt klart nei til, er å true barns frie leik. Å innføre begrepet systematisk veileda leik og la den ta tid frå barnas frie leik meiner vi er bekymringsfullt! Ekspertgruppa gjer eit «slappt» forsøk på å ta inn betydningen av barndommens eigenverdi, barns frie leik og barnehagelærerens faglege skjønn. Vi vil uttrykke stor bekymring for å gje større plass til skoleførebuing og minske den sosialpedagogiske tradisjonen. Det må være brudd på barnekonvensjonen å foreslå at det ikkje skal vere opp til barn om dei sjølv ynskjer å delta i pedagogiske aktiviteter. Det må være å starte i feil ende. Bør vi ikkje heller målet vere å ha gode og nok tilsette som veit korleis ein skal legge til rette, anerkjenne og motivere barn? Det kan virke som ekspertgruppa ikkje kjenner kvardagen i barnehagene. Barn må få vere barn, dei ER, dei skal få VERE, fokuset skal ikkje det dei skal BLI! Vi ber gruppa ta inn over seg kva som motiverer mennesker til å lære, kva skaper trivsel, tilhøyre, kva er meiningsfullt og gir god helse. Vi i Nord-Fron er små i det store, men vi gjer ein forskjell. Når vi no les høyringssvar, og skriv sjølv, har vi tillit til at regjeringen tek på alvor dei sterke orda som kompetente fagpersoner og «barnas advokater» har sendt inn. Med helsing, på vegne av styrere i kommunale barnehager i Nord-Fron kommune; Anne Stakston, Kari Bragelien, Hilde Bøshaugen, Gro Sandbu Randen. May-Britt Gladhaug, assisterande styrer Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"