🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Offentlig høring av NOU 2023: 18

Anne-Karin Eiken

Departement: Familiedepartementet
Dato: 22.02.2024 Svartype: Med merknad Uttale i samband med høyring av «NOU 2023: 18» Første ledd av § 112 i Grunnlova lyder slik: " Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.» Dette er høgst relevant i forhold til GMO, som kan forstyrre og medføre ubalanse i miljøet. Ein skal dessutan sjå naturressursane i eit langsiktig og allsidig perspektiv. Ordet «berekraft» har generelt i samfunnet fått ei anna tyding enn den opphavlege, og eg opplever at den ikkje har med det totale og korrekte bildet. Dette ser eg også her, i og med at genmanipulering vert framstilt som naudsynt for å sikre berekraft. Vidare er spørsmålet om genmodifiserte organismar er «etisk» forsvarlege knytt til ideen om berekraft og samfunnsnytte, og samfunnsnytten ser ut til å vere vurdert ut frå andre omsyn enn naturmangfaldet, jmf. utdrag: «Utvalget har utarbeidet et enstemmig forslag der etisk forsvarlighet skal forstås som et overordnet begrep som inkluderer bærekraft og samfunnsnytte» (…) «Genteknologi kan bidra betydelig til en mer bærekraftig fremtid.» (…) «Flertallet mener at det er etisk mest riktig å legge til rette for økt bruk av genteknologi.» Ut frå dette uroar eg meg for at politiske og økonomiske krefter har fått gjennomslagskraft. Eg vil understreke at det å tukle med naturen kan gi uante og langsiktige konsekvensar for planter, dyr og menneske. Difor er det å vere kritisk og tenkje føre var heilt naudsynt, og ein må sjå etter løysingar som følgjer naturen sine premissar. I høyringsnotatet les eg at fleirtalet føreslår å effektivisere forvaltninga og tilpasse regelverk og praksis med EU. Kva fordelar har me av dette? Og vil det kunne medføre ein større risiko for at naturen - inkludert oss - vert skadelidande? Andre ledd av § 112 i Grunnlova lyder slik: «Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.» Føremålet er å sikre at borgarane kan vareta retten etter § 112 første ledd. Dette kan skje gjennom høyringar og god informasjonsutveksling. Då er det heilt feil veg å gå når fleirtalet i genteknologiutvalet føreslår å skrenke inn på høyringar. Openheit skapar tillit, og me forbrukarar må ha moglegheit til å ta informerte val. I denne samanhengen er det også viktig at absolutt alle GMO-produkt vert godt merka og er sporbare. Det er sjølve livsgrunnlaget vårt det er snakk om her. Samspelet mellom artane er fininnstilt og nøye tilpassa - alt heng uløyseleg saman. Det finnest ikkje noko meir etisk, berekraftig og samfunnsnyttig enn å leve i pakt med naturen, og eg bed difor om at dette perspektivet vert vektlagt. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"