Dato: 05.12.2023 Svartype: Med merknad Innleiing Bømlo kommune har over mange år hatt ein aktiv busetjings- og integreringspolitikk, og viljen til å hjelpe dei med behov for beskyttelse er stor. Det er likevel slik at kapasiteten i dei kommunale tenestene no er svært pressa. Med etablering av asylmottak i kommunen i haust, har situasjonen blitt enno meir utfordrande. I arbeidet med å tilpasse regelverk og finansiering av arbeidet knytt til mottak av flyktningar vil Bømlo kommune oppmode regjeringa om å 1) gjere ei heilskapleg vurdering av ordninga med kollektiv beskyttelse for å sikre kapasitet i kommunale tenester til å gje dei med behov eit tilfredsstillande tilbod 2) auke vertskommunetilskotet for kommunar med asylmottak då dette vert opplevd å ikkje dekke dei reelle kostnadane i dag Vedr. framlegget til lovendring Bømlo kommune støttar ikkje framlegget om ein beredskapsheimel for å kunne pålegge kommunar å etablere og drifte mellombelse innkvarteringstilbod til asylsøkjarar. Bømlo kommune er bekymra for at Noreg sin samla kapasitet til å ta i mot og busette flyktningar vil gå ned som følgje av den føreslåtte lovendringa; anten ved at kommunar reduserer tal flyktningar dei buset for å sikra seg tilstrekkeleg kapasitet dersom heimel skulle bli tatt i bruk, eller som ein konsekvens av eit direkte pålegg. Dette vil også kunne føre til lenger butid i mottak for asylsøkjarar og at personar då vil få rettar som blir gjort gjeldande i vertskommunane. Belastninga på allereie pressa kommunale tenester vil auke ytterlegare. Framlegget seier også at Statsforvaltar skal kartlegge aktuelle innkvarteringsstader i kommunane. Me legg til grunn at ei slik kartlegging ikkje vil leggje føringar eller avgrensingar på kommunen sin rett til sjølv å disponere eigen bygningsmasse til ei kvar tid. Høyringsbrevet konkluderer med at ein slik heimel i seg sjølv ikkje vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Me deler ikkje denne oppfatninga. Departementet skriv sjølv at rekvirering bør planleggjast på førehand før eit reelt behov oppstår. Me registrerer at høyringsbrevet omtalar konsekvensar for statsforvaltaren og sentrale mynde, t.d.: «forberedelser og ev. bistand fra statsforvalteren vil ha administrative og økonomiske konsekvenser for embetet». Her saknar me ei synleggjering og vurdering av tilsvarande konsekvensar for det kommunale nivået. Slik me forstår lovframlegget er det ein føresetnad at Statsforvaltar gjennomfører kartlegging av aktuelle innkvarteringsstader i kommunane og vurderer dette opp mot kunnskap om vertskommunane sine kapasitetar. Dette vil krevje administrativ ressursbruk både hos Statsforvaltar og kommunane med tanke på kartlegging, informasjon til og dialog med eigarar av bygg (off. og private), og ikkje minst dialog i samband med den konkrete vurderinga. Tilsvarande vil dette krevje eit betydeleg planleggings- og beredskapsarbeid hos kommunane som i liten grad er omtalt eller belyst i høyringsbrevet. Som departementet sjølv skriv i høyringsnotatet punkt 4.4, bør det kommunale sjølvstyret berre avgrensast dersom dette er nødvendig. Eit tiltak må også vere eigna og nødvendig for å oppnå målet. Bømlo kommune vil peike på behovet for å heller vurdere innretninga på den kollektive beskyttelsen og rettar knytt til denne på ny. Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"