🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av krav om nullutslipp av klimagasser fra ferjer og hurtigbåter

Hjelmeland kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Viser til høyringsuttale frå Samferdselsdepartementet, med svarfrist 1. oktober.

Hjelmeland kommune er samd i at det er viktig å jobbe for reduksjon av klimagassutslepp frå ferjer og hurtigbåtar. På Hjelmeland har me i dag elferje og hydrogenferje, og dette fungerer bra på dette sambandet.

Me er også samde i at det er naudsynt med bruk av miljøkrav i offentlege innkjøp frå staten, og at Enova og CO2-avgifter er viktige verkemiddel i den samanheng.

Så vil me særleg dra fram punkt 2.2.5. Krav om nullutslepp må ikkje gå på bekostning av framkomelegheita i transportsystemet. Me har lange fjordar i Ryfylke, som per i dag ikkje har eit godt nok tilbod. Me fryktar difor at innføring av nullutslepps ferjer og hurtigbåtar på desse rutene vil medføre eit enno dårlegare tilbod. Ein gradvis overgang, der ein i første omgang fokuserer på dei korte overfartane, vil slik me ser det, vere ein god innfallsvinkel. Dette i tråd med punkt seks i samandraget.

Det er difor viktig at punkt fire og fem i 4.2.3 vert ståande uendra.