🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Offentlig innspillsrunde til handlingsplan for norsk fagspråk

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet 7 seksjoner

Norsk fagspråk er både nynorsk og bokmål

Noregs Mållag vil først ha sagt at norsk fagspråk er både nynorsk fagspråk og fagspråk på bokmål. Desse står i to heilt ulike situasjonar. Mange av verkemidla ein tar i bruk i kampen mot engelsk, vil vere til mest hjelp for fagspråk på bokmål. For nynorsk fagspråk treng ein mange av dei same verkemidla, men sterkare.

Norsk først

Sektoren bør ha eit overordna prinsipp om norsk først. Det gjeld i alle delar av verksemda og for alle tilsette. Norsk skal vere hovudarbeidsspråket og språket ein arbeider for å publisere på og drive forsking på. B achelor- og masteroppgåver bør bli skrivne på norsk. Spesielt må studentar som vil skrive oppgåver på nynorsk, få støtte til det. Utgangspunktet skal til kvar tid vere norsk, og bruk av engelsk må såleis bli forklart og kunne forsvarast. Dette vil gi rom for engelsk, men sikrar norsk som hovudspråket, slik det bør vere i norsk høgare utdanning og forsking.

Språkpraksis

Vellukka språkarbeid kjem gjennom ei leiing som tek ansvar for språkarbeidet. Difor er det veldig bra at departementet no bruker tildelingsbreva til å setje språkkrav. Det bør ein halde fram med, og ein kan også leggje til fleire krav. I styringsdialogen med universiteta og høgskulane må status for norsk fagspråk takast opp. Det bør vere fast diskusjonspunkt, i det minste éin gong i året. Departementet må følgje opp Språkrådet si måling av språkpraksisen ved universiteta.

Lærebøker og pensum

Ein må arbeide for at så mykje som mogleg av lærebøker og pensum er på norsk. Emneansvarlege må bli utfordra til å setje norskspråkleg-pensum på pensumlista. Det kan gjerne gjerast gjennom prosentkrav til kor mykje norskspråkleg pensum det skal vere til emnet. Slik aukar ein også behovet og etterspurnaden. I dette arbeidet må det også bli lukrativt å skrive lærebøker på norsk. Det må setjast av tid i stillingane til å formidle på norsk, og det må på plass eigne støtteordningar. Her må det igjen vere eigne støtteordningar for nynorsk. Ein veg inn i arbeidet er å byrje med at emne med mange studentar, skal ha heile pensum på norsk. Vidare bør ein kome fram til at emne på bachelor-nivå har norsk pensum. I dei største faga må det også vere eit krav at pensum er på nynorsk, f.eks. exphil, exfac, fleire introemne i ulike fag.

Nynorsk som fagspråk i undervisning

Ein plass der det nynorske fagspråket er spesielt viktig, er i lærarutdanninga. Lærarutdanninga er i dag fag der ein ser at norsk står sterkare enn i mange andre fag. Slik må det halde fram, i tillegg må ein setje inn tiltak for at nynorsk fagspråk skal få plass i utdanninga også.

Lærarar på 1. til 10. trinn skal kunne bruke nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Dei skal kunne undervise på nynorsk uansett kva fag dei underviser i. Det er ei stor utfordring for nynorskelevar at lærarar er for dårlege i språket. Viktige tiltak er derfor at utdanningsinstitusjonane sikrar at studentane får tilstrekkeleg opplæring i båe skriftspråka, og at dei sørgjer for vurderingsformer som sikrar studentane sin skriftlege kompetanse i båe skriftspråka.

Språkteknologi

At det vert utvikla språkteknologi som stør både nynorsk og bokmål, er ein føresetnad for utvikling av norsk fagspråk. Dette føreset mellom anna at det blir utvikla og tilrettelagt store og kvalitativt gode digitaliserte korpus på bokmål og nynorsk – og på breidda av norske dialektar, som då kan danne grunnlag for språkmodellar for KI som byggjer på norsk fagspråk.

I dag er det ei utfordring at viktige digitale verktøy for UH-tilsette ikkje stør nynorsk og dialektar. Det gjeld til dømes programvare for transkribering eller teksting av undervisningsfilm. Eit mogeleg tiltak for å bøte på dette kan vere felles innkjøpskraft og sentralt påtrykk på produsentane.

Sanksjonar til språklova

Eit tiltak for å betre situasjonen for norsk fagspråk i akademia er å gi sanksjonsmoglegheiter i språklova. Vi har ei språklov med klare føresegner til akademia, som kan løyse delar av krisa for norsk fagspråk. Når sektoren likevel vel å sjå vekk frå lova, er det truleg sanksjonar som må til.