Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk
Ann-Kristin Helland Gujord, professor i norsk som andrespråk
Christine Hamm, professor i nordisk litteraturvitskap
Thorsteinn Indridason, professor i nordisk språkvitskap
Torodd Kinn, professor i nordisk språkvitskap
Helga Mannsåker, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap
Anna-Marie Kjøde Olsen, stipendiat i norsk som andrespråk
Frode Helmich Pedersen, professor i nordisk litteraturvitskap
Ivar Utne, førsteamanuensies i nordisk språkvitskap
Kunnskapsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Innspel til handlingsplan for norsk fagspråk i akademia
Forsking og undervisning på universitets- og høgskulenivå treng parallellspråklegheit. Ein bør ha som hovudprinsipp at ein nyttar norsk når ein kan, og engelsk når ein må. Kravet om bruk av norsk må vere sterkast på lågare nivå (BA) og svakare på høgre nivå (MA). Vi meiner at ein ikkje bør sjå på det som eit problem at doktoravhandlingar og andre forskingspublikasjonar stort sett er på engelsk (men ein bør krevje norsk samandrag). Bruk av engelsk er nødvendig i nesten alle fag dersom forskinga skal nå ut over grensene. Men det norske høgre utdanningssystemet treng lærebøker, fagterminologi og undervisning på norsk.
Vi tek for oss spørsmål 1 og 2 samla:
Utfordring: I mange forskings- og undervisningsdisiplinar er det få eller ingen norskspråklege lærebøker på universitets- og høgskulenivå. Det fører til at studentane – dei framtidige fagfolka i og utanfor sektoren – ikkje utan vidare tileignar seg norsk fagspråk og terminologi på fagfeltet sitt. Truleg vil det òg i mange tilfelle innebere svakare læring når det skjer gjennom eit framandspråk.
Årsak: Lærebokskriving er i liten grad meritterande ved tilsetting og opprykk i vitskaplege stillingar. Lærebokpublisering har heller ikkje gitt finansiell utteljing for arbeidsgivarinstitusjonen. Det er rimeleg å tru at vitskapleg tilsette opplever meir motivasjon frå overordna til å prioritere ordinær forskingspublisering, sidan det har gitt utteljing (jf. rapporten «Undersøkelse om norsk fagspråk og terminologi i høyskolesektoren» utført av Rambøll Management Consulting for Språkrådet og UiB). I disiplinar med få studentar spelar vel òg kostnadene på forlagssida inn.
Tiltak: Det bør etablerast ordningar som fremjar lærebokpublisering på norsk, eventuelt òg omsetting av bøker til norsk. Institusjonane treng økonomiske insentiv, og det gjeld kanskje òg forlaga. Overfor fagfolka vil det truleg fungere best om ein sørgjer for meir vektlegging av lærebokpublikasjonar i tilsettings- og opprykksreglementa. Dersom ein ønskjer å unngå mellombelse stillingar ved frikjøp, er ordningar der ein kan skrive som del av stillinga, å føretrekkje framfor stipendordningar.
Utfordring: I ein del fag og underdisiplinar er det mangel på norsk fagterminologi. Det fører til at det norske fagspråket til studentar og tilsette blir supplert ad hoc med engelske termar. Det har òg som konsekvens at ein tyr heilt og fullt til engelsk i samanhengar der det elles ikkje ville ha vore nødvendig. Det skapar òg ein tendens til terminologiske «dialektar» ved ulike lærestader, noko som igjen kan føre til uklar fagkommunikasjon.
Årsak: Mangelen på norskspråklege lærebøker er ei sentral årsak. Dessutan er det ingen klare insentiv for vitskapleg tilsette til å bruke tid på terminologisk utvikling. Det er i liten grad meritterande og gir heller inga positiv utteljing for arbeidsgivaren.
Tiltak : Dersom det blir attraktivt å skrive lærebøker på norsk (eller omsette til norsk), skapar det motivasjon for terminologisk utvikling. Det bør dessutan satsast på infrastruktur for systematisk terminologisk arbeid, og det bør etablerast ein nasjonal språkfagleg instans som kan støtte opp om og rettleie i slikt arbeid, i tilknyting til eksisterande terminologisk infrastruktur.
Utfordring: Undervisning på engelsk er knytt til ein del av dei same problema som fråværet av norskspråklege lærebøker. Det er grunn til å tru at læringa er svakare enn ho kunne ha vore med norskspråkleg undervisning. Undervisarar med norsk som førstespråk som underviser på engelsk, gjer det nok oftast dårlegare enn om dei hadde undervist på norsk.
Årsak: Undervisning på engelsk heng dels saman med at utanlandske tilsette ikkje har tileigna seg norsk, dels med at ein tek omsyn til utanlandske studentar. I somme miljø underviser ein på engelsk fordi ein meiner at det gir konkurransefortrinn for institusjonen (og eventuelt for studentane). Mangel på norskspråklege lærebøker og fagtermar kan òg spele inn.
Tiltak: Ein kan fastsette eit prinsipp om at undervisninga skal vere på norsk (skandinavisk) på BA-nivået, om ikkje gode grunnar tilseier noko anna (f.eks. på framandspråksstudium og når undervisaren ikkje enno har tileigna seg norsk). Kravet om at utanlandske tilsette skal kunne undervise på norsk (skandinavisk) innan eit visst antal år, må handhevast. Norskopplæringa skal vere ei plikt, men bør knytast til rettigheiter. Det kan til dømes ordnast slik at norskopplæringa inngår som ein fast del av stillinga i dei aktuelle første åra, med tilsvarande rett til reduksjon av andre plikter. Ei slik ordning krev ressursar, men vil vere eit effektivt tiltak for å sørgje for at den tilsette kan delta fullt ut i dei mange fleire åra i etterkant – ikkje berre i undervisning, men òg fagleg-administrativt.