Høyringsinnspel til domstolenes funksjonsevne i ekstraordinære situasjoner (beredskapshjemler)
Kommunane har ei viktig rolle i valet av meddommarar, då det er kommunane med administrasjon som førebur valet og dei folkevalde som vel dei. Dette er eit relativt omfattande arbeid som fort kan bli råka i ein ekstraordinær situasjon.
Dei ekstraordinære situasjonane kan til dømes hindre møteverksemd eller føre til manglande kapasitet på grunn av handteringa av gjeldande situasjon – eller som direktekonsekvens av situasjonen (sjukdom, død, omdisponering av personell). I mange kommunar er funksjonar ofte berre lagt til ein person, og ein person kan ha mange funksjonar. Døme kan vere oss i Hareid kommune, der formannskapssekretær (som har vore koordinator for val av meddommarar dei siste vala) både er beredskapskoordinator og kommunikasjonsansvarleg. I tillegg er politisk sekretariat også beredskapssekretariat. I krisesituasjonar er det derfor sannsynleg at arbeidet med å rekruttere meddommarar vil bli nedprioritert, om det i det heile tatt er mogleg å gjennomføre.
Det kan altså oppstå situasjonar der kommunane av ulike grunner ikkje er i stand til å gjennomføre valet av meddommarar til dei ulike meddommarutvala. Kva gjer ein då? Så langt eg kan sjå, er ikkje dette poenget handsama i høyringsnotatet.
formannskapssekretær med meir i Hareid kommune
Høyringsinnspelet er administrativt, og er ikkje handsama i dei folkevalde organa.