Dato: 30.06.2020 Svartype: Med merknad Høyringsuttale i samband med NOU 2019:25 Med rett til å mestre Det er eit spennande og viktig arbeid som er lagt ned i denne NOU’en. Tittelen «Med rett til å mestre» er ambisiøs og utfordrande. Den har eit sterkt elevfokus som vi vil gje vår støtte til. Vi synest det er flott at ein har høge ambisjonar på vegne av elevar, samfunn og skule. Gjennom mandatet og fokus på lærelyst og motivasjon er ein og med og løftar fokuset på eleven sitt beste, dette er eit godt fundament for eit viktig arbeid. NOU’en signaliserer og viktige verdiar ved å løfte grunnkompetanse og delkompetanse som omgrep. Eit hovudmål i rapporten er at alle skal mestre, alle skal kunne fullføre. Skal vi ta det på alvor og vi ikkje skal redusere på krava i dei ulike utdanningsprogramma så må omgrepa grunnkompetanse og delkompetanse få eit innhald og ein verdi. Det er eit sterkt og viktig signal som vert sendt ved å løfte dei som slit med å nå dei faglege måla. Vi meiner det vert gjort ved å bruke kompetanseomgrepet for denne gruppa. Alle har noko dei kan, alle har ein kompetanse, alle har eit bidrag til samfunnet. Viktige føringar i NOU’en er kvalifisering og fullføring. Desse omgrepa går igjen i dokumentet og legg føringar for mange av dei vala som vert gjort. Vi støttar fokuset på desse omgrepa. Vi tenkjer og det er rett at eleven skal vere kvalifisert for å starte på neste nivå. Å bli kvalifisert for neste nivå er ein viktig nøkkel for fullføring. Når det gjeld å endre retten, frå rett til tid til rett til fullføring og rett til ny opplæring dersom ein ikkje har bestått så er vi positive til dette og vil støtte det. Det handlar om eleven sitt beste, samstundes er vi litt uroa for at dette kan få konsekvensar for eleven sin vilje til å yte sitt beste. Her er ei avveging mellom eleven sin rett til å fullføre og eleven si plikt til å delta og yte sitt beste som ein kanskje bør sjå nærare på Ein konsekvens av eleven sin rett til å fullføre er at elevane skal kunne gå i ulik takt og ha ulik samla tidsbruk. Å tilpasse undervisninga for den enkelte elev på denne måten er positivt, samstundes kan dette få organisatoriske utfordringar særleg for mindre skular og skular i distriktet. Det vert i det heile lagt opp til stor fleksibilitet for den enkelte elev både i forhold til framdrift og i forhold til fag. Med bakgrunn i at ein skal vere kvalifisert for å komme inn på neste nivå vert det og foreslått å innføre det utvalet kallar innføringsfag. Dette tenkjer vi kan vere positivt, særleg med bakgrunn i at opplæringslovutvalet ikkje stiller krav om bestått grunnskule for å starte på vgs. Vi tenkjer at det trengs meir avklaring på kva kriterie som skal gjelde for om ein elev skal ta innføringsfag eller ikkje. Vi ser og utfordringar med korleis dette tilbodet skal organiserast, særleg på mindre skular der ein truleg ikkje har ressursar til å ha eigne grupper. Korleis klare å gje opplæring som gjev mestring og lærelyst i ei klasse der ein kanskje er åleine som elev med innføringsfag? Vi støttar tenkinga om at ein skal møte faga på ein ny måte når ein startar på vgs. Det er positivt at det vert foreslått å starte med programfag på vg1 i dei studieførebuande utdanningsprogramma Vi støttar at det skal bli to tydelegare hovudretningar til sluttkompetanse: studiekompetanse og yrkeskompetanse. Vi støttar og endringane som er foreslått når det gjeld påbygg. At ein vel å bruke kompetanse omgrepet om delkompetanse og grunnkompetanse er veldig bra og det er positivt at det skal skrivast ut bevis for denne kompetansen. Vi tenkjer det er rett at fellesfaga får ein sterkare relevans mot sluttkompetanse og at ein vidareføre tenkinga om programretting av fellesfaga Det er spennande å tenkje skuleåret i terminar og opne opp for større fleksibilitet rundt gjennomføring av opplæringa. Det er spennande tankar som vert presentert rundt modular i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma og vi trur det er rett å ha sluttvurdering for kvar termin for fag som går over fleire år. Vi støttar at ein vil revurdere kravet om halvårsvurdering med karakter Vi støttar at trekkordninga vert tatt vekk og at ein vil vurdere nye kompetansebaserte eksamensformer Det er bra at studieførebuande utdanningsprogram får fokus i NOU’en og vi støttar at ein vil vurdere nye utdanningsprogram t.d. innan helsefag. Vi støttar og endringar som er foreslått i fag og timefordelinga. Det er særleg viktig at krav om framandspråk i 3 år på vgs vert tatt vekk. Vi støttar og forslaget om at tilleggspoeng vert tatt vekk og at totaltimetalet i dei ulike utdanningsprogramma bør vere likt. Samstundes kunne vi tenkt oss at det vart sett endå større fokus på studieførebuande utdanningsprogram sin plass i forhold til samfunn, næring og kultur. Vi trur det er rett at yrkesfagleg utdanning framleis skal bygge på lærling ordninga. Vi støttar at det vert større grad av variasjon i opplæringsmodellane og at dette i større grad vert definert regionalt/lokalt i samarbeid med bransjen sine behov og faget sin eigenart Vi støttar vurderingane av omfang og plassering som vert gjort rundt fellesfaga på yrkesfag. Vi støttar og fleire og meir spissa programfag. Vi tenkjer og at det er nyttig å gå gjennom YFF faget med tanke på at faget skal vere tydelegare retta mot sluttkompetanse. Vi deler utvalet sine tankar om utfordringane med å sjå yrkesfag opplæringa i eit heilskapleg perspektiv, særleg er det utfordrande med overgangen frå vg2 til lære. Vi er særleg positive til at det må settast av personalressursar som skal følgje eleven over i læretida. Vi har og tru på at ei mentor ordning med særleg fokus på elevar som står i fare for ikkje å klare seg vil vere eit viktig bidrag for å auke fullføringa på yrkesfag. Skal ein gjennomføre denne type tiltak må det følgje ekstra ressursar. Vi har og tru på eit tettare samarbeid med næringslivet gjennom opsjonsavtaler som kan vere med å sikre tilbod og etterspørsel når det gjeld lærlingar. Vi trur det er rett at unge og vaksne skal følgje same utdanningsløp og vi vil støtte tiltaka som er foreslått for å styrke vaksne sin rett og mulighet til vidaregåande opplæring. I dette arbeidet er eit tettare samarbeid med NAV ein viktig bærebjelke Vi trur det er rett å stille kompetansekrav til ulike funksjonar på skulen og vi støttar utviding av oppgåvene til OT. Når retten til vidaregåande opplæring er utvida er det viktig at oppgåvene til OT og vert utvida. Vi støttar at det vert tatt ein gjennomgang og tydeleggjering av rollene til Y-nemndene og opplæringskontora. Vi trur og det er rett at Y-nemndene får ei meir sentral rolle i arbeidet med dimensjonering av opplæringstilboda. Vi er og positive til at ein vil løfte studieførebuande utdanningsprogram ved å etablere nasjonalt råd for studieførebuande utdanningsprogram generelt og nasjonalt fagleg råd for kvart studieførebuande utdanningsprogram. Vi tenkjer og at det er viktig med eit tettare samarbeid mellom vgs og høgare utdanning. Vi ynskjer endå tydelegare signal til dei som har ansvar for høgare utdanning om å bidra til denne brubygginga. At det skal forskast på vidaregåande utdanning er vi positive til. Vi treng kunnskap for å kunne ta gode og kunnskapsbaserte val i eit samfunn i rask endring. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"