HØYRINGSSVAR – FORSLAG TIL MELLOMBELS ENDRINGAR I PROSESSREGELVERKET
Det vert synt til høyringsbrev av 22.4.2020 om endringar i samansetjinga av retten m.m. og høyringsbrev av 27.4.2020 med ytterlegare forslag til mellombels endringar.
Det er ikkje er mogleg å vita kor lenge det vil vera risiko for smitte av Covid-19 eller kva tiltak og tilrådingar som vil gjelda framover i tid. Som påpeikt i utkastet frå Domstoladministrasjonen på side 5 er det av denne grunn behov for reglar som gjev moglegheiter for tilpassingar til ulike situasjonar. Vi deler fullt ut denne tilnærminga. Vi treng reglar som er til praktisk nytte i ein uoversiktleg situasjon og vi må unngå reglar som byr på utilsikta problem.
Vi vel å avgrensa våre merknader til nokre påpeikingar i forlenginga av sistnemnde, og som er særleg viktige for lagmannsrettane.
Samansetjinga av lagmannsretten i straffesaker.
Gulating lagmannsrett støttar framlegga til mellombelse endringar i samansetjinga av lagmannsretten i straffesaker.
Ut frå dei overordna omsyn som er gjort greie for i utkastet til høyringsnotat frå Domstoladministrasjonen, meiner vi endringane er naudsynte for å kunne oppretthalda ei akseptabel saksavvikling av straffesaker med meddommarar under Covid-19 utbrotet. Meddommarsaker er dei mest alvorlege straffesakene vi handsamar og difor dei det er viktigast å få avvikla, óg når vi er i krise.
Folkehelseinstituttet og Domstoladministrasjonen kom denne veka med ein ny nasjonal vegleiar for avvikling av fysiske straffesaker i domstolane. Vegleiaren lempar noko på kravet til avstand mellom personar i eit rettsmøte. Dersom talet på dommarar vert minka frå 7 til 5 i meddommarsakene vert det plass til alle 5 på dommarbordet i dei fleste av våre rettssalar når vi tek omsyn til dei endra anbefalingane i vegleiaren. Det vil igjen gje plass til fleire aktørar, og gjera det mogleg å avvikla langt fleire saker i eigne lokale enn med 7 dommarar. Med 7 dommarar får vi ikkje plass til alle på dommarborda og det vert svært få saker vi kan gjennomføra i eigne lokale. Dommarene opptek då aktørplassar og det vert i praksis svært vanskeleg å utnytta lokala effektivt.
Leige av lokale er sjølvsagt mogleg, men gjev ofte lite verdige rammer og er svært krevjande både administrativt og teknisk. I Gulating lagmannsrett har vi i frå tidlegare tider lang erfaring med leige av lokale, og erfaringane var ikkje gode. Gjennomføring av straffesaker i leigde lokale vil óg reisa store utfordringar i høve til effektiv ivaretaking av sikring og smittevern. I tillegg vil det påføra oss store kostnader. Slik vi ser det bør leigde lokale difor berre nyttast i dei aller største sakene og som ein siste utveg. Skal ein slik strategi vera mogleg i praksis er det heilt naudsynt å minka meddommartalet i lagmannsrettane.
Vi legg til at det sjølv med færre dommarar vil vera store utfordringar med å få avvikla straffesaker i lagmannsrettane framover. Dette fordi det jamt over er svært mange personar involvert som alle må vera friske og symptomfrie for å kunne møta i retten og der fjernmøte ofte ikkje er verken praktisk eller teknisk mogleg, og heller ikkje alltid forsvarleg. Når ei sak først er utsett er det svært krevjande å få den på sakskartet igjen.
Vi har etter påske avvikla nokre barnevernssaker. I desse sakene har det delteke fem dommarar, det same talet som etter forslaget vil delta i dei straffesakene som til vanleg går med sju domarar i lagmannsretten. Sjølv med fem dommarar syner det seg at smitteverntiltaka byr på utfordringar som kjem til å avgrensa straffesaksavviklinga vår framover. Generelt er erfaringa vår at effektivt smittevern vert vanskelegare jo fleire som er tilstades samstundes. Dette gjeld både i rettssalane og i pausar. Det er difor eit poeng i seg sjølv å minka talet på personar som skal delta fysisk mest mogleg, óg bak dommarbordet.
Meddommarval, trekningskrinsar og tilkalling av meddommarar
I høyringsnotatet frå Domstoladministrasjonen kapittel 8 er det føreslege endringar i reglar om meddommarutval, trekningskrinsar og tilkalling av meddommarar.
Det er heilt rett, som påpeikt i høyringsnotatet, at arbeidet med nye meddommarutval vil påføra domstolane ein ekstra belastning i den føreliggjande situasjonen. Ut frå erfaringar fører val og innrapportering av nye meddommarutval til stor pågang frå kommunane overfor domstolane. Den tekniske løysinga for innrapportering har dessutan fungert dårleg og påført domstolane tidkrevjande manuelle prosessar. Både kommunane og domstolane er tente med at vi unngår dette no. Vi trur at den beste måten å unngå desse vanskane, er å forlenga tenestetida for dei eksisterande meddommarutvala allereie no slik alle aktørar veit kva dei har å halda seg til. Forslaget om at Domstoladministrasjonen får høve til å forlenga tenestetida på eit seinare tidspunkt, vil skapa uvisse og gje eit kontinuerleg forklaringsbehov som må møtast av domstolane fortløpande. Dette er såleis inga tilstrekkeleg løysing på det problemet som er skissert. Det er dessutan gode grunnar for at det er lovgjevar sjølv som bør fastsetja ei forlenging av tenestetida.
Eit praktisk svært viktig forslag i kapitel 8 i høyringsnotatet, er forslaget om at domstolsleiar får høve til å fastsetja at trekning av meddommarar berre skal skje frå den kommunen der rettsmøtet skal haldast. Behovet for slike avbøtande reglar om trekning vart synleggjort i den første fasen av Covid-19-utbrotet, då det vart gjeve smittevernråd som tilsikta å avgrensa reiseverksemda monaleg.
I dei saker der trekning ikkje har skjedd, vil den føreslegne regelen kunna avhjelpa dei problema som kan oppstå knytta til slike smittevernomsyn.
Noko anna er det med dei sakene der trekning alt har skjedd , men der smittevernomsyn tilseier at nokre av dei allereie uttrekte ikkje bør møta.
Slik vi les den føreslegne regelen vil ikkje domstolsleiar i eit slikt tilfelle kunna bestemma at nokre av dei allereie uttrekte meddommarane skal bytast ut. Det er mogleg at den føreslegne regelen gjev domstolsleiar kompetanse til å bestemma at alle skal bytast ut i eit slikt tilfelle, men det er inga god løysing.
Etter vår meining er det difor praktisk svært viktig at domstolsleiar kan bestemma at óg uttrekte meddommarar kan bytast ut når smittevernomsyn gjer det naudsynt. I høve til lova si normalordning og grunngjevinga for trekningsinstituttet, er dette eit inngripande tiltak frå domstolsleiar si side, som krev klar heimel.
Det er viktig å presisera at dette gjeld kompetansen for domstolsleiar til å byta ut nokre av dei allereie uttrekte medommarane. Truleg krev det klarare heimelsgrunnlag i ein slik situasjon å byta ut nokre meddommarar enn alle. Ei ordning som inneber at domstolsleiar må trekkja alle meddommarane på nytt, vil vera svært upraktisk og vanskeleg å handtera. I normale tider vert det som oftast vanskelegare å få tak i ny meddommarar di nærare saka ein kjem. I den situasjonen vi no står i, vert truleg desse problema enno større enn til vanleg. Det er difor svært viktig at uttrekte meddommarar som ikkje treng bytast ut av smittevernomsyn, kan brukast som planlagt. Vi må unngå ei ordning der domstolsleiar vert tvungen til å trekkja alle meddommarane på nytt.
Allereie før koronatiltaka vart innført i mars, var det trekt meddommarar til svært mange av dei sakene som etter planen skal avviklast fram mot sommaren 2020. Det er såleis praktisk viktig at domstolsleiar får kompetanse i samsvar med det som framgår ovanfor. Vi har ikkje noko bestemt meining om denne avklaringa av kompetanse bør skje i sjølve lovteksten eller om det er tilstrekkeleg at dette vert uttrykt i det som tener som førearbeid. Det er viktigaste er at dette kompetansespørsmålet vert uttrykkeleg avklart.
Når det gjeld framlegga i tilleggsnotatet om forkynning, kjenner vi oss ikkje overtydd om at dei problematiske sidene ved forslaget er godt nok opplyst. E-postforkynning er forsøkt ramma inn slik at det framstår som mindre risikoprega enn telefonforkynning. Forslaget om telefonforkynning etterlet derimot nokre spørsmål som framstår uavklarte i tilleggsnotatet.
Det største problemet knyter seg til identifisering av at det er rette vedkomande ein får kontakt med per telefon. At vedkomande vedkjenner seg å vera den rette hjelper lite, dersom det er feil person ein har med på gjera. At det etter fjerde ledd i den aktuelle føresegna skal sendast kopi til og skje ei stadfesting overfor den er forkynt for i ettertid, hjelper òg lite dersom det aktlaust eller forsettleg vert gjeve feilinformasjon ved telefonforkynninga.
Vi finn det vidare problematisk at det ved telefonforkynninga er «dokumentets hovedinnhold (som skal) gjengis overfor den som skal motta forkynnelsen». Det vil vera vanskeleg for den som skal stå for telefonforkynninga å vita kva som er hovudinnhaldet. Vi går ut frå at det ikkje er tilsikta at det er dommarane som skal stå for forkynninga. Dommarar vil normalt vera tilbakehalde med å formulera innhaldet i ei avgjerd med andre ord enn dei som er brukt i sjølve avgjerda. Det er då systematisk ulogisk at andre, på vegne av dommarane, skal gjera det dommarane er tilbakehaldne med å gjera sjølv. Noko notoritet om kva som er sagt og ikkje, går vi ut frå det ikkje vil vera mogleg å oppnå frå domstolen si side. Derimot er det ikkje utenkjeleg at den som tek i mot telefonsamtalen gjer opptak.
Slik vi forstår det er ordninga ved telefonforkynning i svensk og dansk rett at dokumenta som skal forkynnast vert lest opp. Det ser ut til å vera ei anna ordning enn den departementet foreslår.
Det er mogleg av nokre av dei påpeikte utfordringane kan avbøtast dersom «dokumentets hovedinnhold» blir bytt ut med «slutningen i dokumentet», men for mange mottakarar av forkynningar vil gjerne slutninga i seg sjølv ikkje seia så mykje.
Det er vidare fastsett som eit kriterium for om forkynning har skjedd at den som skal motta forkynninga «må antas å ha forstått telefonsamtalen». Det er føresetnadsvis den som ringjer opp vedkomande på vegne av domstolen som skal gjera denne vurderinga. Dette kan vera ei vanskeleg vurdering å gjera. I alle tilfelle vil det vera ei vurdering som må gjerast på eit spinkelt grunnlag.
Førstelagmann i Gulating lagmannsrett