🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – vurdering av forbud mot lange kniver/machete

Henriette S. Breivik

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Eg er styremedlem i eit Vikinglag, Frendar Vikinglag, som er lokalisert i Sogn og Fjordane. Vi brukar knivar, sverd, pil & boge, økser og andre "våpen" både for å kunne leve som vikingar, som verktøy i dagleglivet når vi reiser rundt på markeder, men ikkje minst i formidling og opplæring om viking historia her i Noreg til turistar.

Sverda er butte og vert nytta i skuespel og framvising av sverdkampar, korleis dei vart tilvirka og nytta blant anna. I tillegg brukar vi pil og boge skyting på blink der det og blir mykje formidling om historia rundt dette.

Eg er redd for at eit forbud mot desse tinga vil ødelegge mykje for ei turistnæring som gir inntekter til Noreg, det opplyser og gir kunnskap til både ung og gammal, nordmenn og turistar.

Eit forbud slik som dette er eg redd for blir like unyttig som endringa av fargen på røykpakkane. Dei som røyker bryr seg fint lite om fargen på pakken.. På samme måte vil dei som er kriminelle eller føler dei har behov for våpen lett kunne bruke andre gjenstander som skrujern og liknandre.. Er berre å bruke fantasien so finn ein fort eitt våpen..

Det vil nok sikkert vere positive sider med ei slik lov, men eg er redd dei negative sidene vil ha større innvirkning enn dei positive..