Dette forslaget må eg på alle måtar vere sterkt imot. Målgruppa verkar å vere ein liten gjeng med usikkelige smårøvere nede i Oslo ein stad som visstnok har fått tak i ein machete eller to. Til det føreslår eg heller at politiet tauer inn skurkene med hjemler både på bæring av kniv på offentlig stad og eventuelt trusler og kroppskrenkelse.
For resten av oss som bruker både arbeid og fritid på anna vis er det på ingen måte interessant å bli putta i bås med denne gjengen rallemikler. Vi nytter machete/lauvkniv til stadighet på jobb og har også ymse knivar og sverd av historisk samlerverdi som hobby. Det er heilt uholdbart at denne sterkt avgrensa røynda med små skurkebander i Oslo sentrum skal til dei grader påverke resten av det norske samfunnet på så negativt vis. Eit forbod vil på ingen måte påverke samfunnstryggleiken på noko sett, men ha store negative innverknadar på vanlege lovlydige folks liv og virke. Om det no i det heile teke er eit slags problem der i "storbyjungelen", så tenker vel eg at politikere heller bør ha ryggrad nok til reelle løysingar - ikkje verknadslaus symbolpolitikk som dette åpenbart er. Politiet kan sikkert også heller nytte tida på å ta tak i folk som bryt dei allereie eksisterande lovane mot knivbæring på offentleg stad og kroppskrenking. Forbrytelser som faktisk har offer - noko ein lauvkniv i garasjen vanskeleg kan seiast å ha.