Dato: 24.02.2025 Svartype: Med merknad I dette høytingsvaret vil me ta føre oss problemstillingane utforminga av dette forslaget, per i dag, skapar for Sveio kommune. Sjølv om tar utgangspunkt i ein kommune, vil eg tru desse problemstillingane vil kunne øverførast til fleire. Sveio fell akkurat utanfor sentralitetsklasse 5, og er difor ikkje ein kvalifiserande kommune. Me ser allereide i dag eksempler på at personar som ynskjer å flytta tilbake, grunna familie og arbeid, vel å etablera seg i andre kommunar i nærleiken, som Bømlo og Vindafjord, som kvalifiserar. Dette gjer at Sveio, som er ein kommune som gjer mykje rett og har mange fordelar frå før av, blir vald bort. Distansen til arbeid og familie blir mindre vektlagt, når ein kan bli gjeldsfri fortare. Sveio er ikkje ein spesielt sentral kommune, det fortell indeksen også, når det er 4 poeng som skil Våler i innlandet og Sveio. Alikevel er me uheldige og fell utanfor. Me foreslår at istadenfor å bruke klassane på indeksen, bruker man ein poengsum, eller skapar eit anna poengsystem, basert på indeksen, befolkning og andre relevante data Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"