Valutalova – valutal

Lov om valutaregulering.

§
4 paragrafer
📝
13 endringer
Sanksjonert/Vedtatt: 14.07.1950
I kraft: 14.07.1950
Departement: Finansdepartementet
Merknader: Kilde: Historisk tekstfil (1687-2005). Publisert: ISBN 82-504-1086-6
📄 Last ned Word 📃 Last ned PDF
📈 Endringshistorikk
13 endringer, 1998-2023
98
99
00
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
§ 4

Departementet1 kan gjeva føresegner2 om utførsle og innførsle av innanlandsk og utanlandsk betalingsmiddel3 og verdepapir3 og av innskotsbok i bank eller liknande institusjon.

1 Finansdepartementet, etter res. 23 sep 1983 nr. 1491.
2 Jfr. lov 10 feb 1967 §2 og kap. VII.
3 Sjå § 8.
§ 7

1 Alle er skyldige1 til å gjeva departementet2 eller Noregs Bank3 eller den som har fullmakt frå ein av desse, dei opplysningane som trengst til å gjennomføra føresegner gjevne i eller med heimel i denne lova, eller som trengst til kontrollen med at slik føresegn vert etterlevd. Det same gjeld om opplysning som trengst til å få oversyn over kor stor inntekt ein innlending4 har i utanlandsk valuta4 og kor mykje han ligg inne med av slik valuta og av innanlandske verdepapir4 og innanlan

Til dette føremålet kan departementet2 og Noregs Bank3 krevja innsyn i registrerte rekneskapsopplysninger, rekneskapsmateriale,5 vedlegg, brevskifte, avtalar og andre dokument, som kan ha vekt, og kan granska dei sjølv eller lata oppnemnde sakkunnige gjera det. I samband med granskinga skal departementet og Noregs Bank få tilgjenge til kontor- og bedriftslokale og turvande hjelp og rettleiing.
Klage etter §14 og §15 i forvaltningslova6 har ikke utsetjande verknad med mindre underinstansen eller klageinstansen fastset det.7
Det nokon i tenesta etter denne lova får vita, av opplysningar som nemnt i fyrste og andre leden, skal han tegja med8 så langt det motsette ikkje fylgjer av gjeremålet hans etter lova. Tegjingsskyldnaden er ikkje til hinder for å gjeva opplysningar til Den sentrale enhet for etterforskning og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) når dette fylgjer av lov9 eller er turvande i etterforskinga av brotsleg verksemd. Teigjingsskyldnaden fritek ikkje frå å utveksle opplysningar (samordning) som forutsete i lov om Oppgaveregisteret.10
Departementet2 kan fastsetja at lovfest tegjingsskyldnad ikkje tek fri for å gjeva opplysning etter fyrste leden i denne paragrafen.11
Noregs Bank3 kan ileggja den som ikkje gjev pliktige opplysningar etter fyrste leden tvangsmulkt til staten. Tvangsmulkta kan ileggjast i form av eingongsmulkt eller løpande mulkt, og skal fastsetjast under omsyn til kor viktig det er at opplysningane vert gjevne og tilhøva elles. Slik tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.15 Skuldig tvangsmulkt kan i særlege høve ettergjevast heilt eller delvis. Departementet2 kan gjeva nærare føresegner16 om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
0 Endra med lover 6 juli 1957 nr. 15, 21 april 1978 nr. 14, 21 des 1990 nr. 61, 11 juni 1993 nr. 83, 7 juni 1996 nr. 30 (i kraft 1 jan 1997), 6 juni 1997 nr. 35 (i kraft 1 nov 1997), 17 juli 1998 nr. 56 (i kraft 1 jan 1999).
1 Sjå § 10.
2 Finansdepartementet.
3 Sjå lov 24 mai 1985 nr. 28.
4 Sjå § 8.
5 Jfr. lov 17 juli 1998 nr. 56.
6 Lov 10 feb 1967.
7 Jfr. lov 10 feb 1967 §42.
8 Sjå lov 10 feb 1967 §13, jfr. strl. §121, jfr. strpl. §118 og tvml. §204.
9 Jfr. strpl. §230.
10 Lov 6 juni 1997 nr. 35.
11 Sml. tvml. §204 og strpl. §118.
12 Sjå lov 13 juni 1980 nr. 24 (lignl.).
13 Sjå lov 10 juni 1966 nr. 5.
14 Sjå lov 7 des 1956 nr. 1.
15 Sjå tvangsl. kap. 7.
16 Jfr. lov 10 feb 1967 §2 og kap. VII.
§ 8

I denne lova tyder:

I. Innlending:
Staten, norsk kommune,1 person som bur her i landet eller vanleg held til her, dertil selskap, korporasjon, stifting og alleslags andre institusjonar som har sæte her i landet.
II. Utlending:
Person eller institusjon som ikkje er innlending etter det som er sagt ovanfor.
III. Valuta:
Betalingsmiddel, verdepapir og krav.
IV. Innanlandsk betalingsmiddel:
a) Norske pengar (setlar og mynt),3 veksel,4 sjekk5 og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i norske pengar (setlar og mynt).6
b) Gull, sylv, platina og legering som inneheld noko som er noko av slike metall (i rå eller tillaga stand),7 når metallet eller legeringa er her i landet.
V. Utanlandsk betalingsmiddel:
a) Utanlandske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i utanlandske pengar (setlar og mynt).
b) Gull, sylv, platina og legering som inneheld ein stor part av slike metall (i rå eller tillaga stand),7 når metallet eller legeringa er i utlandet.
VI. Innanlandsk verdepapir:
Aksje, partbrev, obligasjon, omsetnings-skuldbrev,8 kupong, utbyteprov, livstrygdebrev og dokument som gjev nokon krav på slike papir, t.d. interimskvittering, sertifikat og anna slikt - når ein innlending har gjeve ut papiret.
VII. Utanlandsk verdepapir:
Papir som er nemnt under VI, når ein utlending har gjeve ut papiret.
VIII. Innanlandsk krav:
Krav på at ein innlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
IX. Utanlandsk krav:
Krav på at ein utlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
1 Jfr. lov 25 sep 1992 nr. 107.
2 Finansdepartementet, etter res. 23 sep 1983 nr. 1491.
3 Sjå lov 24 mai 1985 nr. 28 kap. III.
4 Sjå lov 27 mai 1932 nr. 2.
5 Sjå lov 27 mai 1932 nr. 3.
6 Jfr. lov 17 feb 1939, lov 19 juni 1997 nr. 79 §1-2 annet ledd.
7 Sml. lov 6 juni 1891 nr. 2.
8 Sjå lov 17 feb 1939 nr. 1 kap. 2.
§ 10

Bryt nokon med vilje eller av aktløyse føresegn gjeve i eller med heimel i denne lova, eller let han vera å retta seg etter pålegg gjeve med heimel i slik føresegn, vert han straffa med bot1 eller med fengsel2 opptil 2 år eller med båe slags straff.

For medverking og freistnad er det same straff.3
Reglane i denne paragrafen gjeld og for gjerning som innlending4 gjer i utlandet.5
Brotet vert rekna for misferd.6
0 Endra med lov 22 mai 1953 nr. 3.
1 Jfr. strl. §27.
2 Jfr. strl. §26a.
3 Sml. strl. §49.
4 Sjå § 8.
5 Sml. strl. §12.
6 Jfr. strl. §2 andre leden og strpl. §67 andre leden.
2023
I kraft: 01. January 2023

Forskrift om inn- og utførsel av varer (vareførselsforskriften)

Kunngjøring: forskrift/2022-10-27-1901
2019
I kraft: 01. January 2019

Forskrift om York–Antwerpen-reglene 2016 som fravikelige regler for felleshavarioppgjør

Kunngjøring: forskrift/2018-06-01-785
2016
I kraft: 01. January 2016

Delegering av departementets myndighet etter finansforetaksloven til Finanstilsynet

Kunngjøring: forskrift/2015-12-21-1803
2012
I kraft: 01. January 2012

Forskrift om elsertifikater

Kunngjøring: forskrift/2011-12-16-1398
2007
I kraft: 01. November 2007

Forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

Kunngjøring: forskrift/2007-06-29-876
I kraft: 01. January 2007

Forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56.

Kunngjøring: forskrift/2006-09-07-1062
2004
I kraft: 01. January 2004

Bestemmelser om økonomistyring i staten

Kunngjøring: forskrift/2010-06-08-1903
2002
I kraft: 25. March 2002

Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder.

Kunngjøring: forskrift/2004-12-17-1852
2001
I kraft: 31. December 2001

Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder.

Kunngjøring: forskrift/2004-12-17-1852
I kraft: 25. March 2001

Gebyrtariff for Norges utenriksstasjoner.

Kunngjøring: forskrift/2001-03-09-371
2000
I kraft: 15. July 2000

Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder.

Kunngjøring: forskrift/2004-12-17-1852
1998
I kraft: 01. August 1998

Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder.

Kunngjøring: forskrift/2004-12-17-1852
I kraft: 01. June 1998

Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder.

Kunngjøring: forskrift/2004-12-17-1852