Hjem / Lover / Transplantasjonslova

Transplantasjonslova

Lov om donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev (transplantasjonslova)

§
54 paragrafer
📚
5 kapitler
📝
12 endringer
I kraft: 01.01.2016
Departement: Helse- og omsorgsdepartementet
Lovforarbeid: Jf. tidlegare lov 9 feb 1973 nr. 6.

Kapittel 1. Formål, verkeområde, definisjonar og ansvar

§ 1

Formål

Formålet med lova er å sikre best mogeleg tilgang på organ, celler og vev til behandling av andre menneske, respekt for vilja og integriteten til donor og at omsynet til dei pårørande blir varetatt. Formålet med lova er også å førebygge og kjempe mot handel med menneskeorgan.
§ 2

Verkeområde

Lova gjeld for alle ledd i prosessen med donasjon og transplantasjon av levande humane organ, celler og vev til eit anna menneske. Lova gjeld også for organ som er tatt ut i strid med reglane i §§ 5, 6, 7, 10, 12, 13, 16 eller 20 og tilknytte handlingar. Lova gjeld ikkje for celler og vev som blir brukt i samband med forplanting (germinale celler og vev), blod, blodkomponentar, blodprodukt og humane organ, celler og vev som berre blir brukt i forsking.
Kongen kan gi forskrift om at lova og forskrifter med heimel i lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen og kan fastsette særlege reglar under omsyn til forholda på staden.
§ 3

Definisjonar

I denne lova meines med:
  1. uttak: prosess der humane organ, celler eller vev blir tatt ut av donor og gjort tilgjengelege for transplantasjon
  2. donor: person som gir organ, celler eller vev til bruk i behandlinga av eit anna menneske, uavhengig av om avgjevinga skjer mens personen er i live eller etter at personen er død
  3. fornybart vev: humane celler og vev som blir gjendanna etter donasjon med unntak av del av lever eller anna organ
§ 4

Ansvaret for donasjons- og transplantasjonsverksemdene

Dei regionale helseføretaka skal sørge for at alle potensielle donorar kan vurderast og gjevast mogelegheit for donasjon innan helseregionen, og for at krava i lova og forskriftene etter lova her blir oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om krav til verksemder som gjennomfører uttak eller transport av organ, celler og vev og transplantasjonar, mellom anna om godkjenning og rapporteringsplikt for verksemdene. Departementet kan gi forskrift om registrering og anna behandling av helseopplysingar og andre personopplysingar som er nødvendige for å gjennomføre uttak eller transport av organ, celler og vev og transplantasjonar.

Kapittel 2. Donasjon frå levande donor

§ 5

Uttak frå levande donor

Uttak av organ, celler og vev kan berre finne stad dersom inngrepet ikkje fører til ein nærliggande fare for den fysiske eller psykiske helsa til donoren.
Uttak av organ, celler og vev frå personar mellom 12 og 18 år kan berre finne stad når det ligg føre særlege grunnar. I vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar skal det mellom anna leggjast vekt på om:
  1. transplantasjon er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
  2. det finst nokon annan aktuell donor,
  3. donoren har sterk tilknyting til mottakar,
  4. uttaket inneber eit stort inngrep,
  5. uttaket berre gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c, og om
  6. donoren er moden nok til å skjønne kva inngrepet inneber.
Uttak frå barn under 12 år og vaksne som ikkje har samtykkekompetanse, kan berre finne stad dersom:
  1. uttaket gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c,
  2. donasjonen er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
  3. det ikkje finst ein donor med samtykkekompetanse som deler mange nok av dei viktigaste vevstypane (er vevsforlikeleg), og
  4. mottakaren er søsken, barn eller forelder, eller i særlege tilfelle på annan måte i nær familie med donoren.
Uttak kan aldri gjennomførast i strid med viljen til ein donor som ikkje har samtykkekompetanse.
§ 6

Hovudregel om samtykke

Det blir kravd skriftleg samtykke til uttak av organ, celler og vev frå levande donor. Samtykket skal også omfatte behandling av helseopplysingar og andre personopplysingar som er nødvendige for å gjennomføre donasjonar og transplantasjonar.
Samtykke kan trekkjast tilbake.
Departementet kan gi forskrift om krav til samtykket.
§ 7

Kven som har rett til å samtykke (samtykkekompetanse) til donasjon frå ein levande donor

Personar som har fylt 18 år, har rett til å samtykke til donasjon. Pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 andre til fjerde ledd om heilt eller delvis bortfall av samtykkekompetanse gjeld tilsvarande.
For personar som ikkje har fylt 18 år, har foreldra, eller andre med foreldreansvaret etter barnelova, rett til å samtykke til donasjon. Donasjon kan ikkje finne stad dersom foreldra er usamde.
Samtykke etter andre til fjerde ledd må godkjennast av statsforvaltaren.
For at samtykket skal vere gyldig, må donoren og den som har samtykkekompetansen ha fått informasjon om helsetilstanden til donoren og om inngrepet, under dette om omfanget og konsekvensane av det. Informasjonen skal vere tilpassa dei individuelle føresetnadene til mottakaren, som alder, kor moden donoren er, erfaring og kultur- og språkbakgrunn. Den som gir informasjonen skal forsikre seg om at donoren og den som har rett til å samtykke har forstått informasjonen.
§ 8

Habilitet ved vurderinga av om ein levande donor er eigna

Den som har ansvaret for behandlinga av ein pasient som treng å få transplantert organ, celler eller vev, kan ikkje aleine gjennomføre vurderinga av om donoren er eigna.
§ 9

Krav til utgreiing og oppfølging av levande donorar

Donoren har rett til å få nødvendig medisinsk og psykologisk utgreiing før det blir gitt samtykke til donasjon.
Den som donerer organ, celler eller vev i eit omfang som gir, eller kan gi, konsekvensar for helsa av fysisk eller psykisk art, har rett til å få medisinsk oppfølging etter ein fastsett plan.
Departementet kan gi forskrift om medisinsk oppfølging av donorar.

Kapittel 3. Donasjon frå død donor

§ 10

Stadfesting av døden

Uttak, jf. § 3 bokstav a, frå ein død donor kan ikkje skje før døden er stadfesta av lege.
Legar som stadfestar døden, skal ikkje vere involvert i uttaket av organ, celler eller vev eller i transplantasjonsinngrepet.
Dersom døden blir stadfesta ved irreversibelt opphøyr av hjernefunksjonane, må diagnosen bekreftast av to legar. Den eine av legane skal vere relevant spesialist.
Departementet kan gi forskrift om stadfesting av døden.
§ 11

Vurdering av om ein pasient kan vere aktuell som donor

Når døden er konstatert, eller når det er svært sannsynleg at døden vil inntreffe innan kort tid og vidare livreddande behandling er formålslaus, skal det vurderast om pasienten kan vere aktuell som donor.
§ 12

Behandling med sikte på donasjon

Når livreddande behandling er formålslaus, og det er svært sannsynleg at pasienten vil døy innan kort tid, kan legen som er ansvarleg for behandlinga av pasienten, ta avgjerd om at det skal gjevast behandling med sikte på donasjon. Behandling etter første punktum kan ikkje gjevast dersom ein av dei næraste pårørande, jf. § 3 bokstav d, nektar.
Den behandlande legen skal, i samråd med næraste pårørande til pasienten, ta avgjerd om kor lenge det skal gjevast behandling med sikte på donasjon. Behandlinga må uansett avsluttast når det er avklart at vilkåra for donasjon ikkje er til stades.
Departementet kan gi forskrift om behandling med sikte på donasjon.
§ 13

Samtykke frå avdøde og næraste pårørande sin rett til å nekte donasjon

Personar som har fylt 16 år, har rett til å samtykke til at donasjon av organ, celler og vev kan gjennomførast etter at dei er døde. Når avdøde har gitt samtykke, kan pårørande ikkje nekte donasjon.
Når den døde ikkje har gitt eit samtykke, kan donasjon gjennomførast dersom det ikkje ligg føre forhold som tilseier at den døde ville ha motsett seg. Dei pårørande til den døde skal spørjast om det ligg føre slike forhold. Donasjon kan likevel ikkje gjennomførast dersom ein av dei næraste pårørande til den døde, jf. § 3 bokstav d, nektar. Donasjon kan heller ikkje gjennomførast dersom det ikkje er mogeleg å få kontakt med dei pårørande eller når avdøde ikkje har pårørande.
For personar som ikkje har fylt 16 år, har foreldra, eller andre med foreldreansvaret etter barnelova, rett til å samtykke til donasjon etter at dei er døde. Donasjon kan ikkje finne stad dersom foreldra er usamde. Dersom ingen har foreldreansvaret, har verja, eller næraste pårørande til den døde dersom det ikkje er oppnemnd verje, rett til å samtykke til donasjon.
§ 14

Informasjon til næraste pårørande

Næraste pårørande til den døde skal underrettast om dødsfallet, det planlagde uttaket, jf. § 3 bokstav a, og om retten til å nekte donasjon før donasjonen blir gjennomført.
Næraste pårørande skal få tilpassa informasjon om kva donasjonen inneber.

Kapittel 4. Fellesreglar

§ 16

Tildeling av organ, celler og vev

Tildeling av organ, celler og vev til transplantasjon skal byggje på medisinske kriterium. Ved donasjon frå levande donor kan det i tillegg leggjast vekt på at mottakar er donors nærståande.
§ 17

Anonymitet mellom partane i donasjonsprosessen

Donor og dei pårørande til donor og mottakar av organ, celler eller vev som ikkje kjenner kvarandre frå før, skal ikkje gjerast kjent med identiteten til kvarandre.
Departementet kan gi forskrift om korleis anonymiteten skal varetakast.
§ 18

Kompensasjon for utgifter og tapte inntekter i samband med donasjon

Alle utgifter og tap av inntekter som ein levande donor eller næraste pårørande til ein død donor pådrar seg som følje av donasjonen, skal kompenserast av det regionale helseføretaket. Dette gjeld likevel ikkje dersom utgiftene blir dekt etter anna regelverk.
§ 19

Forbod mot transplantasjon frå dyr til menneske (xenotransplantasjon)

Det er forbode å transplantere levande biologisk materiale frå dyr til menneske.
§ 23 a

Straff

Den som forsettleg eller grovt aktlaust bryt reglane i §§ 5, 6, 7, 10, 12, 13, 16, 17, 19 eller 20, eller i forskrifter som er gjevne med heimel i dei, blir straffa med bøter eller fengsel inntil 2 år. Det same gjeld den som brukar, kjøper, klargjer, preserverer, lagrar, transporterer, overfører, tar imot, innfører eller utfører organ som er tatt ut i strid med reglane i §§ 5, 6, 7, 10, 12, 13, 16 eller 20.
§ 23 b

Straff for grove brot

Grove brot på §§ 5, 6, 7, 10, 12, 13 eller 20, eller på forskrifter som er gjevne med heimel i dei, blir straffa med fengsel inntil 6 år.
Ved avgjerda av om brotet er grovt skal det særleg leggjast vekt på om den som blei utsett for handlinga, var under 18 år, om det blei brukt grov vald eller tvang og om handlinga har ført til betydeleg utbytte. Den som var uvitande om at den fornærma var under 18 år, blir straffa dersom vedkommande på noko punkt kan klandrast for å ikkje ha kjent til dette.

Kapittel 5. Sluttføresegner

2025
I kraft: 01. September 2025

Delt ikraftsetting av lov 20. juni 2025 nr. 67 om endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerrettighetsloven mv. (bedre beslutningsgrunnlag og behandling)

Kunngjøring: forskrift/2025-06-20-1109
2022
I kraft: 01. July 2022

Ikraftsetting av lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.)

Kunngjøring: forskrift/2022-04-08-570
2021
I kraft: 01. June 2021

Ikraftsetjing av lov 7. mai 2021 nr. 34 om endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen

Kunngjøring: forskrift/2021-05-07-1416
2019
I kraft: 01. May 2019

Delt ikraftsetting av lov 16. juni 2017 nr. 56 om Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten og av lov 15. desember 2017 nr. 107 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten mv. (helsetilsynsloven)

Kunngjøring: forskrift/2019-04-26-541
2017
I kraft: 01. July 2017

Ikraftsetting av lov 16. juni nr. 54 om endringer i transplantasjonslova mv. (gjennomføring av organhandelskonvensjonen i norsk rett)

Kunngjøring: forskrift/2017-06-16-761
2016
I kraft: 01. January 2016

Ikraftsetting av lov 7. mai 2015 nr. 25 om donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev (transplantasjonslova) og lov 7. mai 2015 nr. 26 om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking (obduksjonslova)

Kunngjøring: forskrift/2015-11-13-1289
Ukjent
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.)

Kunngjøring: lov/2021-06-18-122
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen

Kunngjøring: lov/2021-05-07-34
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerrettighetsloven mv. (bedre beslutningsgrunnlag og behandling)

Kunngjøring: lov/2025-06-20-67
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerrettighetsloven mv. (bedre beslutningsgrunnlag og behandling)

Kunngjøring: lov/2025-04-25-13
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om endringer i transplantasjonslova mv. (gjennomføring av organhandelskonvensjonen i norsk rett)

Kunngjøring: lov/2017-06-16-54
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten mv. (helsetilsynsloven)

Kunngjøring: lov/2017-12-15-107